NRK Meny
Normal

Skal søke gjennom brannruinane i dag

Ein person er sakna etter den kraftige bustadbrannen i Odda. Krimteknikarar frå Bergen hjelper til i etterforskinga.

Brann i Odda

TOTALSKADD: Ein person er sakna etter den store bustadbrannen i Odda søndag morgon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det var tidleg søndag morgon at det braut ut brann i eit bustadhus i Eitrheimsvegen i Odda sentrum. Fem personar vart køyrt til sjukehus, medan ein festdeltakar ikkje er gjort greie for.

– Vi har grunn til å tru at ein person ikkje kom seg ut, sa lensmann Terje Kvalvik til NRK søndag.

Vedkommande er framleis sakna måndag morgon. Politiet har ikkje fått undersøkt bustaden enno, fordi det har vore fare for at det totalskadde huset skal kollapsa.

Krimteknikarar frå Bergen

Først i dag kjem krimteknikarar seg inn i huset for å gjere undersøkingar. Odda-politiet får bistand frå Bergen, fortel Kvalvik.

– Vi får teknikarar frå Bergen som skal hjelpe til med undersøkingar på brannstaden. Vi har også fått på plass byggteknisk konsulent som skal vurdere tryggleiken i brannruinane, seier Kvalvik.

Politiet fryktar at den sakna personen er omkomen i brannen.

– Vi reknar med å få ei avklaring på den situasjonen i løpet av føremiddagen. Vi har opplysningar på at vedkommande var i huset, seier Kvalvik.

Dei pårørande er varsla.

Klokka 15.00 fortel lensmann Kvalvik at det tek tid å sikre bustaden. Det må dei gjera før det er trygt nok å gå inn i brannruinane. I løpet av ettermiddagen eller tidleg kveld vil krimteknikarar ta seg inn i bustaden.

Brann i bolig, en person savnet.

«Vegg av flammar»

Det har natt til måndag vore vakthald på staden. Når krimteknikarane frå Bergen kjem til Odda blir det først eit orienteringsmøte før undersøkinga går i gang. I tillegg gjer politiet taktisk etterforsking med avhøyr av vitne og naboar.

Bustadhuset er totalskadd etter brannen. Det er vitneskildringar frå dei fem evakuerte personane som gjer at politiet trur det er ein person att i brannruinane.

Brannen, som var synleg på lang avstand, vart meldt i morgontimane søndag.

– Eg måtte berre komme meg ut så fort som mogleg då eg vakna av røyken. Så sjekka eg om dei andre også hadde komme seg ut, sa bebuar Bjørn Bruleite til NRK i går.

Han skildrar ein voldsom brann, og at han rett og slett ikkje rakk å tenka då han oppdaga kva som stod på.

– Flammane stod ut av vindauga i etasjen over. Eg prøvde å springa opp trappa, men det var overtent.

Siste video

Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås