Hopp til innhold

Vil ikkje godta oppseiingar i avisene

Tilsette i lokalavisene til Bergens Tidende krev at endringar må skje utan oppseiingar. Leiinga vurderer kutt i talet på tilsette, og om avisene skal koma ut sjeldnare.

Karstein Sæverås forteller om hvilken kutt avisen må gjøre etter møte med Bergens Tidende i dag.

TILLITSVALD: Klubbleiar Karstein Sæverås i Vestnytt fortel om korleis dei tilsette reagerer etter allmøtet på BT-huset i føremiddag.

Lokalaviser

VARSLAR ENDRINGAR: Bygdanytt og Vestnytt er to av dei fire lokalavisene i BT-konsernet. Ei prosjektgruppe skal blant anna vurdera kor ofte avisene skal koma ut.

Foto: Åge Algerøy / NRK

På eit allmøte i BT-huset i føremiddag fekk alle dei tilsette beskjed om at ei prosjektgruppe skal vurdera alle sider ved drifta av dei fire lokalavisene.

– Vi skal snu alle steinar, for å sikra sunn økonomi i åra framover. Vi ser at både lesarar og annonsørar ønskjer meir digitalt innhald, seier Sveinung Tvedt.

Han er dagleg leiar for lokalavisene til Bergens Tidende.

Dei fire lokalavisene dette gjeld er Strilen, Bygdanytt, Askøyværingen og Vestnytt. BT har også eigarinteresser i andre lokalaviser, men dei er ikkje med i arbeidet som no blir sett i gang.

Langsiktig arbeid

Prosjektgruppa skal bestå av representantar frå leiinga og dei tilsette.

Gruppa skal blant anna vurdera administrasjon av avisene, kva produkt dei skal levera, eventuelle nye produkt, kven dei kjøper tenester av, kor ofte avisene skal koma ut og kor mange tilsette dei skal ha.

– Dette er ikkje ei panisk handling, men eit arbeid som skal sikra oss i i åra som kjem. Avisene har god økonomi i dag, men det er lurt å ha ein plan for framtida, seier Tvedt.

Han viser til at dei fleste lokalaviser driv langtidsplanlegging, men påpeikar at dette blir ein mykje meir grundig gjennomgang av drifta.

Han seier det ikkje er bestemt kor raskt ein skal gjera eventuelle endringar, men understrekar at det ikkje hastar å gjera store endringar.

– Det blir ingen sjokkgrep i løpet av kort tid, seier Tvedt.

Godtar ikkje oppseiingar

Klubbleiar Karstein Sæverås i Vestnytt seier det er ei litt avventande og usikker stemning blant dei tilsette etter allmøtet i dag.

– Det er ikkje den store dramatikken. Innstillinga til dei fleste er nok at vi skal prøva å få til dette. Men føresetnaden vår er at nedbemanning skjer utan oppseiingar. Leiinga har også sagt at det er målet deira, slår klubbleiaren fast.

Han seier at nedbemanning kan løysast med sluttpakker og naturleg avgang.

Ifølgje klubbleiaren har leiinga lagt fram planar om betring av det økonomiske resultatet på ti millionar kroner innan 2016.

– Det meiner vi er for kort tid, seier Sæverås.

Han meiner det blir viktig å sjå på om avisene kan tena meir, og ikkje berre ha fokus på innsparingar.

– Folk er ettertenksomme

Det er svært uvanleg at alle tilsette i desse lokalavisene blir kalla inn til felles møte.

Dagleg leiar Sveinung Tvedt seier det var viktig at alle skulle få informasjonen samtidig.

– Fordi det er snakk om endringar av drifta, ønskte vi å informera alle samtidig. Derfor kalla vi inn til allmøte, seier Tvedt.

Slik vurderer han stemninga på møtet:

– Mitt inntrykk på møtet var at folk var ettertenksomme. Det klart at folk tenkjer ekstra gjennom avisa og sin eigen situasjon. Men det verka på meg som at folk var innstilt på å vera med på dette, seier Tvedt.