Hopp til innhold

Skal kjempe for nye ferjer

Det er slutt på tolmodet på Austevoll etter at ferja fekk motorstopp, og dreiv på fjorden heile går natt. No krev øyfolket nye ferjer.

Det er slutt på tolmodet på Austevoll etter at ferja fekk motorstopp, og dreiv på fjorden heile går natt. No krev øyfolket nye ferjer.

SKAL KLAGE: Renate Møgster Klepsvik, ordførar i Austevoll kommune skal til regjeringa for å klage på ferjene, på vegner av heile regionen.

MF Trondheim

MOTORSTOPP: MF Trondheim fekk motorstopp og måtte slepast i land. Turen som skulle ta ein halvtime varte ni timar lenger enn den skulle.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Me har sett no dei siste åra at me har veldig lite stabilitet, og me kan ikkje stole på at ferja klarar å gå, seier Renate Møgster Klepsvik, ordførar i Austevoll kommune.

Då MF Trondheim måndag kveld fekk motorstopp midt ute på fjorden på veg til Austevoll, varte turen i ni og ein halv time. Ferja måtte slepast til land, og no er ordføraren lei av å vente på nye fartøy.

LES OGSÅ: Ordførere til opprør mot gamle ferger

Skal klage til regjeringa

Ferje på Austevoll

GAMLE FERJER: MF Trondheim er 23 år gamal, og reine ungdommen. Snittalderen på ferjene i Hordaland er over 25 år, og MF Marstein er frå 1978.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Etter 23 år er motorhavaristen MF Trondheim reine ungdomen. Den andre ferja til Austevoll er frå 1978, og snittalderen på ferjene i Hordaland er over 25 år.

No skal ordførar Renate Møgster Klepsvik i Austevoll kommune til regjeringa for å klage, på vegner av heile regionen.

– Me kan seie at det er fylkeskommunen sin feil fordi dei ikkje har stilt høgare krav i anbodsprosessen, men det er også noko regjeringa kan gjere noko med, seier Renate Møgster Klepsvik.

– På sin plass

Vivian Bjånesø Horgen

NI TIMAR: Den førre ferjeturen Vivian Bjånesø Horgen tok, varte i ni og ein halv time etter at MF Trondheim fekk motorstopp. Ho støttar ordføraren i Austevoll kommune i kampen for nye ferjer.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Vivian Bjånesø Horgen var ein av dei 48 passasjerane som var med då MF Trondheim tok turen som varte ni timar lenger enn den skulle.

– Du bør ikkje vera så redd når du er med på slike hendingar, men dei fleste var nok Austevollingar og me har tatt ferje heile livet vårt, og dette er ikkje noko nytt for oss, seier ho.

Sjølv ikkje etter den lange turen Vivian Bjånesø Horgen var med på sist ho tok ferja, kan ho unngå ferjeturen dagen etter. For å sky ferjar nytta ikkje for dei som bur på ei øy som Austevoll, ei øy som står utan fastlandssamband. Difor er kampen ordføraren vil ta opp svært velkomen.

– Det er så stort behov for tryggleik og stabilitet i Austevoll kommune, så at ordføraren no krev nye ferjer er heilt på sin plass, seier Vivian Bjånesø Horgen.