Hopp til innhold

Kartlegg alle tunnelbrannar i Norge

Kvart år oppstår det 25 brannar og 15 branntillaup i norske tunnelar. Ei ny kartlegging har som mål å gjera tunnelane tryggare.

Brann i Skatestraumtunnelen

DRAMATISKE BRANNAR: Vegdirektoratet har byrja ei kartlegging av alle tunnelbrannar i Norge dei siste fire åra. Her frå Skatestraumtunnelen i Bremanger i 2015.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Det er Vegdirektoratet som har hyra inn Transportøkonomisk institutt (TØI) for å gå gjennom alle tunnelbrannar i norske tunnelar dei siste fire åra.

TØI skal kartlegga kor mange brannar og branntilløp det har vore. Planen er å finne korleis desse situasjonane oppstår.

– Det er rett og slett for å rekne sannsynet for at det oppstår trafikkulukker og brannar i tunnelar, slik at vi kan setje inn riktige tiltak, seier fagdirektør Finn Harald Amundsen i Vegdirektoratet.

Dramatisk

I snitt oppstår det 25 brannar og 15 branntillaup i norske tunnelar kvart år. Berre i Hordaland aleine har det vore 31 tunnelbrannar dei siste fire åra.

Mange av brannane har vore særs dramatiske. Dei fleste hugsar nok dei to alvorlege tunnelbrannane i Gudvangatunnelen på E16, men dramatisk var det også då det byrja å brenne i køyretøy i Skatestraumtunnelen, Magnhildskartunnelen og Måbøtunnelen.

– Alle tunnelbrannar er dramatiske i seg sjølv. Det er få rømmingsvegar, ein i kvar ende, og med tett røyk og varme er det vanskeleg å evakuera, seier brannsjef Egil Holven i Eidfjord kommune.

Bussbrann i Gudvangatunnelen

Det var ikkje mykje att av turistbussen som tok fyr i Gudvangatunnelen 2015. Alle slapp frå det utan alvorlege skader.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Fokus

I hans kommune er det fleire bratte og svingete tunnelar på riksveg 7 gjennom Måbødalen. Han er ikkje tvil om at mange norske tunnelar kan bli langt sikrare enn dei er i dag.

– Seinast denne veka var eg ute på tilsyn og vi såg ting som kunne forbetrast.

Det har vore eit stort fokus på tunnelbrannar i Norge etter at det byrja å brenne i eit vogntog i Gudvangatunnelen i 2013. Både den gongen, og då det tok fyr i ein turistbuss i 2015, var det nære på at brannane fekk fatale følgjer.

I september la Riksrevisjonen fram ein rapport der dei vurderte 41 tunnelar i åtte fylke som spesielt risikoutsette. I 2015 var det løyvd pengar til utbetringsarbeid.

– Men det er langt igjen. Risikoanalysar manglar stort sett over heile landet, sa riksrevisor Per-Kristian Foss til NRK i september.

Brann i Måbøtunnelen

Brannvesenet rykkjer ut med mykje mannskap når det kjem melding om tunnelbrannar, her frå Måbøtunnelen på riksveg 7.

Foto: Gunvall Medhus

Vil revidere modell

Brannsjef Holven opplevde det også som dramatisk då meldingane om kruttsvart røyk i Måbøtunnelen kom inn til naudetatane i mai 2016.

– Vi fekk ikkje avklart om det var folk i tunnelen før vi kom fram, seier Holven alvorleg.

– Hensikta med kartlegginga vi set i gang no er få eit bakgrunnsmateriale slik at vi får moglegheit til å revidere risikoanalysemodellen som vi har brukt i nokre år, avsluttar Finn Harald Amundsen i Vegdirektoratet.