NRK Meny
Normal

– Me skal ivareta elevane sin integritet

Amalie Skram videregående skole skal filme deler av undervisninga. – Det vil ikkje vere lov å filme elevane eller å bruke lyden av dei, seier opplæringsdirektøren.

Amalie Skram videregående filmar undervisninga

VIL FILME DELER AV UNDERVISINGA: Nye Amalie Skram vidaregåande skole i Bergen ønskjer å filme deler av undervisinga og gjere den tilgjengeleg for elevar. Foto/redigering: Kjell Jøran Hansen

Det skal vere heilt trygt å vere elev på Amalie Skram.

Svein Heggheim, Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland
Amalie Skram videregående skole

VIL FILME: Amalie Skram vidaregåande skole i Bergen ønskjer å filme deler av undervisinga og gjere den tilgjengeleg for elevar. – Me skal sikre oss at det er eit redaktøransvar for råmaterialet som blir tatt opp, seier Fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Den nye, store vidaregåande skulen i Bergen, Amalie Skram vidaregåande skole, har fastmonterte kamera på veggen i ti av klasseromma. Skulen ønskjer å filme deler av undervisninga for å gjere den tilgjengeleg i eit temabibliotek.

– Utfordringa blir at me får ein digital ressurs me skal gjere tilgjengeleg for elevar og lærarar på ein god måte, seier fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim.

– Men me skal vareta elevane og lærarane sin integritet.

Fylkesdirektøren for opplæring seier det ikkje vil bli lov å filme elevane eller å bruke lyden av elevane.

– Dette skal me gjere gjennom å sikre oss at det er eit redaktøransvar for råmaterialet som blir tatt opp.

Etter at NRK tok opp saka, har skulen vore i kontakt med Datatilsynet. Datatilsynet stadfestar at skulen held seg innanfor regelverket dersom elevane verken blir sett eller høyrt på opptaka.

Skal sikre kvaliteten og integriteten til elevane

Svein Heggheim

SKAL SIKRE REDAKTØRANSVAR: – Me skal vareta elevane og lærarane sin integritet, seier fylkesdirektør for opplæring i Hordaland Svein Heggheim.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Heile intensjonen er at me skal ha betre, fleire og meir varierte ressursar i undervisninga. Då må nokon sikre kvaliteten og integriteten gjennom å gjere ein redaktørjobb, seier Heggheim.

– Dersom ein elev rekker opp handa og seier noko. Kva skjer med lyden?

– Det må ein kunne klippe ut. Det vil vere eit redaktøransvar. Med mindre det er klart avtalt, er dette eit ansvar ein har når ein skal publisere stoff.

Dersom elevar kjem opp på tavla, skal ikkje kamera vere på, seier Fylkesdirektøren.

– Den delen av undervisninga skal ikkje filmast.

– Skal vere trygt for elevane

Rektor Amalie Skram

VIL FILME: – Dette er ein del av ei trend. Ser ein på høgskular og universitet så gjer dei alt dette. Me ønsker også å utforske det, seier rektor ved Amalie Skram vidaregåande skole, Bjørn Lyngedal.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Å gjere undervisingsressursar tilgjengelege for fleire er ikkje nytt, men det er sikkert ulike meiningar om det, seier Heggheim.

– Lærarane har heilt sikkert eit delt syn på det, og difor må det avtalast på førehand.

Han seier to eller tre lærarar kan dele på undervisingsøkter på denne måten.

– Då trur eg mange vil sjå på det som positivt. Me skal heller ikkje filme all undervisninga. Dette blir smakebitar, og illustrasjonar av emne.

– Kan elevar vere sikre på at stemmene deira og spørsmåla ikkje blir lagt ut på nett? Kor trygt blir det for dei?

– Det skal vere heilt trygt å vere elev på Amalie Skram, seier Heggheim.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen