Tek køyretimar på fjellovergangar for å unngå ulukker

EIDFJORD (NRK): Transportskule går nye vegar for å gjere ferske yrkessjåførar betre rusta for fjellovergangane.

Øvingskøyring på fjellet

TRYGGARE: – Dette er veldig viktig, seier elev Tobias Presttun. Han føler seg tryggare for vinteren etter opplæring på Hardangervidda.

Foto: Tale Hauso / NRK

Noreg er eit land som ligg heilt i verdstoppen når det gjeld trafikksikkerheit.

Men dette gjeld ikkje for ulykker med tunge køyretøy. Ifølgje tal frå Transportøkonomisk institutt (ekstern lenke) har Noreg om lag 35 prosent fleire drepne i ulykker med tunge køyretøy per innbyggjar enn gjennomsnittet i Europa.

I rapporten frå 2016 er det ikkje eit særleg fokus på fjellovergangar.

Åtte av ti av dei omkomne i ulykker med lastebil er frå møte- og utforkøyringsulykker. Nærmare halvparten av desse ulykkene skjer i svingar.

«Kjørefeltbredden på ulykkesstedene har i omtrent halvparten av ulykkene vært så liten at to vogntog ikke kan møtes i kjørebanen. Føret var glatt og/eller vått i mer enn halvparten av møte- og utforkjøringsulykkene.»

Tuft transportskule har valt å tilby eit todagars kurs med køyreturar på fjellovergangane over Hemsedal og Hardangervidda.

– Jo meir erfaring vi får, dess betre er det. Dette er veldig viktig, seier Tobias Presttun, ein av elevane.

Vil gjere dei til tryggare sjåførar

– Vi kunne jo ha valt å køyre i nærleiken av Bergen, men vi har valt å køyre over fjellet for at elevane skal få litt meir erfaring med blant anna fjellovergangar og vintervêr, seier trafikklærar Oddvar Valle.

Valle er ikkje kjent med at andre trafikkskular tilbyr den same typen opplæring.

– Vi håpar at dette kan vere med på å gjere dei til tryggare sjåførar, og vi håpar òg at fleire vil gjere noko liknande etter kvart.

Trailer kjørte av veien på Dyranut

MANGE ULUKKER: Ulukker på fjellovergangane er diverre eit normalt syn, spesielt på vinterstid. Her frå ei utforkøyring med ein lastebil på Hardangervidda i 2013.

Foto: AGURTXANE CONCELLON

Tungbilkonsulent i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Tom Are Salberg, synest opplegget til transportskulen er ei god løysing for utdanninga til framtidas yrkessjåførar.

– Dette er heilt i tråd med myndigheitene og yrkessjåførdirektivet sine rammer.

– Ein kjempemoglegheit

Salberg meiner det er viktig at dei unge yrkessjåførane får opplæringa bak rattet framfor å lese om det i ei bok.

– På denne måten oppsøker dei trafikken og får kjenne det på kroppen. Det er betre med ei praktisk læring. Dette er ein kjempemoglegheit.

Mange av skulane har ikkje tilrettelagde øvingsområde eller ressursar til å gjennomføre ei slik øving på same vis som trafikkskulen i Bergen har.

– Dei som ikkje får gjere det på denne måten må ta dette på teori og får ikkje oppleve forholda før dei har byrja i praksis.

Øvingskøyring på fjellovergangane

ØVINGSKØYRING: Transportskulen tilbyr øvingskøyring på fjellovergangane over Hardangervidda og Hemsedal for å gjere yrkessjåførstudentane tryggare. Her med lærar Oddvar Valle og elev Tobias Presttun.

Foto: Tale Hauso / NRK

Presstun og dei andre elevane fekk også besøke bilbergar Bjørn Lægreid i Eidfjord som del av kurset. I tillegg til å gi tips og råd, synte Lægreid korleis det kan gå om ein ikkje er varsam på glatt føre.

– Dei har godt av å lære av dette. Då får dei samla erfaringar til neste gong dei skal ut og køyre aleine, seier Bjørn Lægreid.