Hopp til innhold

Seglar til Syria i kveld - skal fjerne kjemiske våpen

I kveld set den norske fregatten KNM «Helge Ingstad» kursen mot Syria. Skipet skal eskortere Assad-regimets kjemiske våpen ut av landet.

KNM Helge Ingstad

SKAL ESKORTERE KJEMISKE VÅPEN: Den norske fregatten KNM «Helge Ingstad» seglar til Syria i kveld. Om bord er eit mannskap på 180.

Foto: Anton Ligaarden / Forsvarets mediesenter

Nils Andreas Stensønes

Flaggkommandør Nils Andreas Stensønes.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var i november at utanriksminister Børge Brende kunne fortelje at Norge stiller med eit sivilt transportskip og ein fregatt for å frakte kjemiske stridsmiddel ut av Syria.

Fregatten KNM «Helge Ingstad» har fått oppdraget. I kveld klokka 23.00 seglar skipet frå Haakonsvern i Bergen til Syria.

– Vi skal hente kjemiske våpen og komponentane til kjemiske våpen på kai i Syria, og så skal vi frakte det der det skal destruerast, forklarar kommandør Nils Andreas Stensønes.

USA skal destruera

Det er USA som har tilbode seg å øydelegga, støtte uttransporteringa og finansiere destruksjonen av nokre av dei farlegaste kjemikaliane frå Syrias våpenprogram.

Destrueringa skal skje til sjøs, på eit amerikansk militærfartøy som ligg i Middelhavet.

– Skal dei kjemiske våpena vera om bord i den norske fregatten?

– Nei, det skal dei ikkje. Det er det sivile handelsfartøyet som skal frakte det, vi skal sørge for tryggleiken, seier Stensønes.

Kjemiske våpen i Syria

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) har gjort sine inspeksjonar i Syra. Det er venta at alle stridsmidlane skal vera ute før nyttår.

Foto: Uncredited / Ap

Mannskap på 180

Om bord i fregatten er eit mannskap på 180. Normalt er mannskapet på KNM «Helge Ingstad» på kring 130 personar, men Stensønes fortel at dei har med seg ekstra mannskap.

– Vi har sett saman eit ekstra team som skal beskytte styrkane samt ekspertar på kjemiske våpen som skal hjelpa mannskapet om bord i transportskipet.

Det er enno uklart når og korleis dei kjemiske våpena blir levert i Syria. For det norske mannskapet er oppdraget spesielt.

– Sjølve seglturen ned er standard, men det som er spesielt er at det er kjemiske våpen. Det er ikkje noko vi jobbar med til vanleg. Det andre er at Syria er ein nasjon i borgarkrig og vi må gjere nødvendige tiltak for å beskytte transporten, seier Stensønes.

Ferdig i februar

Sidan det er usikkert når våpena kjem til kai i Syria, kan ikkje Stensønes fortelja kor lenge det norske mannskapet reknar med å vera på oppdrag.

– Etter planen skal vi vere ferdig i slutten av februar, men det kan altså endra seg.

Lossar Helge Ingstad

GJER KLART FOR AVREISE: Her vert fregatten gjort klar. Skipet set kursen mot Syria klokka 23.00.

Foto: Jon Bolstad / NRK