Dette krisesenteret dekkar 24 kommunar

– Dei mindre kommunene gir tilbakemelding om at dei aldri hadde hatt høve til å gi det same faglege tilbodet, seier dagleg leiar Lene Eriksen ved Krisesenteret i Bergen. Men Krisesentersekretæriatet er likevel bekymra for sentraliseringa.

Lene Eriksen

- GODT NØGDE: Lene Eriksen ved Krisesenteret i Bergen seier kommunane gjer gode tilbakemeldingar på tilbodet. - Vi har aldri måtte seie nei til nokon, seier ho.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Senteret i Bergen har no fått ansvar for heile 24 av kommunane i Hordaland, mot 19 for lovendringa. Men dagleg leiar Lene Eriksen på Krisesenteret i Bergen seier dei alltid har ledig kapasitet til dei som treng hjelp.

– Vi har mange senger og det er aldri fullt hjå oss. Aldri har vi måtta seie nei til nokon, fortel dagleg leiar Lene Eriksen på krisesenteret i Bergen

Krisesenter over heile landet har lagt ned på grunn av ei lovendring gjeldande frå 2011, der kommunane sjølv har fått ansvaret for finansieringa av sentera. Etter lovendringa er alle kommunar pålagde å ha eit eige krisesenter-tilbod.

Kommunar som ikkje har eit slikt tilbod, må betale ein sum basert på folketalet for å bruke tilsvarande tilbod i ein anna kommune.

Betalar til Bergen

Svanhild Pehrson

Seksjonsleiar i Fusa kommune, Svanhild Pehrson.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Det året lovendringa kom, fekk Krisesenteret i Bergen 7,2 millionar kroner frå kommunane som benytta deira tilbod, inkludert Bergen kommune. To år etter var dette beløpet stige til 13,3 millionar.

I 2013 betalte Fusa kommune 196.257 kroner til Bergen kommune. Løysinga er rimelegare enn å ha tilbodet sjølv i kommunen.

– Vi er pålagt å ha dette tilbodet, og vi treng det. Det kan jo vera våre innbyggjarar som nyttar seg av tilbodet i Bergen. For oss er det ein berekningsmodell som me må ta til følgje for å ha det tilbodet, seier Svanhild Pehrson, seksjonsleiar i Fusa kommune.

Pehrson legg til at ho likevel ikkje er kjent med at nokon frå Fusa har nytta seg av krisesenteret i Bergen. Samstundes får ikkje den enkelte kommune beskjed frå Bergen om nokon frå deira kommune nyttar seg av tilbodet på krisesenteret der.

– Klar auke i brukarar i 2013

Frå 2007 til 2012, var talet på dagbrukarar ved Krisesenteret i Bergen låge stabilt på ca. 100 personar i året. Sjølv om krisesenteret fekk ansvar for fleire kommunar frå 2011, var det altså ikkje noko auke i talet på dagbrukarar.

Samstundes har senteret sett ei auke i talet på overnattingsdøgn - frå 5494 i 2010 til 6241 første etter etter lovendringa.

Tala er for 2013 er enno ikkje klare, men Eriksen seier til NRK at dei i fjor såg ei klar auke i det totale talet på brukarar av senteret.

Denne auka var spesielt synleg i talet på barn og menn som oppsøkte krisesenteret.

– Ein må jo håpe på at det kjem fleire når vi skal ha ansvaret for fleire kommunar. Målet vårt er jo å nå alle dei vi skal nå, seier Eriksen på krisesenteret i Bergen.

Fryktar folk ikkje vil nytta tilbodet

Krisesentersekreteriatet er likevel ikkje nøgd med dagens løysing og samanliknar med brannstasjonar i distriktet. Dei er bekymra for at avstanden til dei sentraliserte krisesentra gjer at brukarar vegrar seg for å ta kontakt.

– Ein stengjer ikkje dei berre fordi det ikkje har vore brann i distriktet. Derfor er det viktig at ein har det tilbodet i nærmiljøet sitt, argumenterer informasjonsansvarleg Lone Alice Johansen.

Onsdag skreiv NRK om krisesenteret på Voss som denne veka stengjer dørene for godt. Næraste krisesenter å reise til for dei som har nytta senteret på Voss, vert Bergen.

For «Anne» vart krisesenteret på Voss redninga. I over 20 år vart ho mishandla både fysisk og psykisk. Men for ho er ikkje eit senter i Bergen eit godt alternativ.

– Det blir for langt å reise. Eg har høyrt andre her på senteret seie det same.

Krisesenteret: – Godt nøgde med tilbodet

Dagleg leiar på Voss, Jill Garen, seier ho er sikker på at lang avstand til krisesenter vil gjere at mange kvinner lar vere å oppsøke hjelp.

– Ingen set seg på toget mishandla og full av blåmerke for å reise i fleire timar til næraste krisesenter.

Lene Eriksen ved Krisesenteret i Bergen seier dei opplev at kommunane er særs godt nøgde med tilbodet dei gjer, samt at den faglege oppfylgjinga er mykje betre enn det små kommuner klarar å gje.