Skal bruka rollemodellar for å få fleire mannlege lærarstudentar

Berre ein av fem lærarstudentar er menn. No får Høgskulen på Vestlandet fem millionar til ei mentorordning for å jamna ut kjønnsbalansen.

Simen Stana og Sander Sigvathsen studerer til å verta grunnskulelærarar

I MINDRETAL: Studentane Simen Stana og Sander Sigvathsen vil truleg få flest kvinnelege kollegaer når det startar i læraryrket. Regjeringa tar no enda eit grep for å få fleire menn til å bli barneskulelærar.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Berre ein av fem som studerer til å verta lærar i 1. til 7. klasse i Noreg er menn. Av desse er det under halvparten som fullfører studiet.

No får Høgskulen på Vestlandet fem millionar frå regjeringa til ei mentorordning for å rekruttera fleire menn til yrket.

– Det er heilt fantastisk, seier lærarstudent Simen Stana som gjerne skulle ha hatt fleire mannlege kollegaer i framtida.

Skal reisa rundt

Asle Holthe

VIL HA FLEIRE SØKJARAR: – Vi treng fleire lærarstudentar av begge kjønn, seier dekan ved Høgskulen på Vestlandet, Asle Holthe.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Forslaget om mannlege rollemodellar kom i ein rapport frå OsloMet. Ifølgje meldinga har det å sjå andre velje yrke som er utypiske for sitt kjønn god effekt.

No skal ei gruppe lærarstudentar reisa rundt til vidaregåande skular, ungdomsklubbar og folkehøgskular for å rekruttere menn til læraryrket. Dei skal fungere som rollemodellar.

– Dei skal fortelja si historie om kvifor dei har valt grunnskulestudiet. Skulen er for alle. Då er det viktig å møta eit mangfald av lærarar, forklarar dekan ved Høgskulen på Vestlandet, Asle Holthe.

– Fekk sjokk

Andreårsstudentane Simen Stana og Sander Sigvathsen merkar at menn er ei mangelvare i skulen når dei er ute i praksis.

– Der me er no fekk dei nesten sjokk når to av fire studentar var mannlege. Det var ny rekord.

Likestilling i læraryrket er viktig av fleire grunnar, ifølgje rapporten til OsloMet. Eit argument er at for å få tak i dei potensielt beste lærarane burde ein rekruttere både blant kvinner og menn.

Eit anna handlar om at mannlege lærarar fungerer som positive rollemodellar for gutar.

Simen Stana og Sander Sigvathsen studerer til å verta lærarar på Grunnskulen

POSITIVE: – Det er bra at regjeringa set fokus på det og prøver å få fleire mannlege lærarar, seier Simen Stana og Sander Sigvathsen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Studentane trur det er viktig at unge gutar har mannlege førebilete å sjå opp til.

– Det er bra med kvinnelege førebilete også, men det er viktig å ha ein balanse, seier Sigvathsen.

Vil ha meir mangfald

Dei får støtte frå Forskings- og høgare utdanningsministeren Iselin Nybø (V).

– Mangfald gjer at me får ulike måtar å tenka på ting. Det er utelukkande positivt at me har både menn og kvinner som lærarar.

I tillegg til å gje midlar til mentorordninga, setter regjeringa inn fleire tiltak for å rekruttere mannlege lærarar. Eitt av tiltaka er å heva krava for å koma inn på studiet for å gje yrket høgare status.

Gutar vert omtala som taparane i skulen, medan jenter gjer det betre enn nokon gong. Vil ikkje eit høgare krav for å koma inn då føra til færre menn?

– Det er viktig å ha ein attraktiv lærarutdanning. Det å heva statusen på studiet og yrket er viktig dersom me skal rekruttera dei beste ungdommane, seier Nybø.

Årets opptak til høyere utdanning

VIL REKRUTTERE DEI BESTE: Forskings- og høgare utdanningsministeren Iselin Nybø (V) vil auke statusen til læraryrket for å få dei flinkaste til å søke på lærarutdanning.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

«Feminint yrke»

Både Sander og Simen tenkte på at det er få menn i yrket før dei søkte studiet. Sigvathsen seier at mange kanskje opplever det som eit feminint yrke.

– Sjølv tykkjer eg ikkje det er eit feminint yrke, men det kan jo vera ein av grunnane til at mange ikkje vel yrket.

Simen Stana og Sander Sigvathsen studerer til å verta grunnskulelærarar

KVINNEDOMINANS: I dag er 75 prosent av dei tilsette i skolen kvinner. Andelen menn under utdanning til å bli lærar på 1.–7. trinn er i 2018/2019 på 21 prosent

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK