NRK Meny
Normal

Politiet skal avhøyra 26 personar

Politiet i Hordaland skal avhøyrande overlevande og vitne etter massakren på Utøya.

Utøya
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Politiet har starta med å avhøyra ungdommane som overlevde Utøya-massakren. Dei første blir truleg ferdige alt i neste veke, melder NTB.

Det er Oslo politidistrikt som har ansvaret for å etterforska terroranslaga 22. juli. Etterforskingsleiinga har bestemt seg for å be om bistand frå politidistrikta rundt om i Noreg, og i går blei Hordaland politidistrikt kontakta.

– Me er førebels blitt bedne om å avhøyra 26 personar som på ein eller annan måte har vore involvert i det som skjedde på Utøya, seier politiførstebetjent Carl Petter Leganger til NRK.

LES OGSÅ: Oppretter egen terrorkommisjon

10 erfarne etterforskarar

I byrjinga av denne veka var alle politidistrikt representerte i Oslo for å få informasjon om korleis etterforskinga skal føregå, melder NTB.

Politimeisteren i Hordaland har sett ned ei etterforskingsgruppe på 10 personar som skal leiast av Leganger. Etterforskarane er erfarne og tilhøyrer ulike einingar i politiet.

– Arbeidet er veldig utfordrande, men det er viktig å få gjort dette. Det er viktig at me leverer arbeid av høg kvalitet og at me ha ei rask framdrift, seier Leganger.

Dei som skal avhøyrast som var på Utøya har status som fornærma i saka, og vil ha krav på bistandsadvokat. Alle fornærma har også rett til å ha med seg ein person dei har spesiell tiltru til under avhøyr, skriv Bt.no .

– Får høyra sterke opplevingar

Carl Petter Leganger er klar på at oppgåva vil bli krevjande.

– For det første så er det snakk om 69 drap som skal etterforskast, og det i seg sjølv seier at det er krevjande, seier politiførstebetjenten.

– Det er også utfordrande fordi det er sterke opplevingar me må forventa å få høyra frå dei som skal avhøyrast, og det kan vera ei belasting for dei som blir avhøyrte, legg han til.

Det kan også blir tøft for etterforskarane.

– Det skal me takla profesjonelt, seier Carl Petter Leganger.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.