Hopp til innhold

Skade på hus etter sprengingsulukke

Politiet på Voss har oppretta sak etter sprengingsuhellet tysdag ettermiddag. Salven kasta steinmassar inn i veggen på ein garasje og har truleg ført til skader på eit nærliggande hus, fortel politioverbetjent Robert Veseth ved Voss lensmannskontor. – Det kan vera snakk om setningsskadar eller sprekkdanningar i grunnmuren. Enno er det uvisst kva som har gått gale.