NRK Meny
Normal

– Skadde dyr får ikkje behandling før dagen etter

I går var siste kveld dyreeigarar kunne ta med skadde dyr til smådyrveterinær på nattevakt. – Veterinærane som sit med ansvar for både små og store dyr er heilt fortvila, seier spesialistveterinær Lisbet Holtet.

Lisbet Holtet

KUTTAR: I går var siste kvelden Bergen og fem nabokommunar hadde ei nattevaktordning for smådyrveterinær. Staten har kuttet statsstøtta, og kommunane vil ikkje betale sjølve. Her undersøker spesialistveterinær Lisbet Holtet hunden Houdini.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Påkøyrslar som denne vil ikkje bli tatt seg av i det heile tatt, naturlegvis.

Spesialistveterinær Lisbet Holtet

– Ho er treft i hovudet. Pulsen er bra, men ho har fått litt luft mellom brystveggen og eine lunga.

Spesialistveterinær Lisbet Holtet undersøker Houdini, ein Alaskian Husky som har blitt påkøyrd av ein bil. Hunden blei skada i går kveld, men hadde det skjedd i kveld, hadde det ikkje vore nokon smådyrveterinær på vakt.

I går var nemleg siste kvelden Bergen og fem nabokommunar hadde ei nattevaktordning for smådyrveterinær. Staten har kuttet statsstøtta, og kommunane vil ikkje betale sjølve.

– No blir det ikkje noko vakt på natta lenger. Påkøyrslar som denne vil ikkje bli tatt seg av i det heile tatt, naturlegvis.

Smådyrveterinærar kjem framleis til å vere på nattevakt i dei andre kommunane i Hordaland.

Skadde dyr får ikkje behandling før neste dag

Øyvind Apeltun

IKKJE FORNØGD: Hundeeigar Øyvind Apeltun måtte i går kveld ta med hunden til veterinær. Han er slett ikkje fornøgd med at dette tilbodet no forsvinn.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg var oppe på toppen av Løvstakken med hundane. Så glapp det eine bandet, og eg tenkte det verste: No kjem eg ned og finn hunden død, seier eigaren til Houdini, Øyvind Apeltun, som heldigvis kunne køyre hunden rett til veterinær.

– Viss skada hadde vore meir omfattande og me hadde måtte vente til dagen etterpå kunne hunden vore død då.

Kva hundeeigarar skal gjere i framtida når det ikkje finst smådyrveterinær på vakt, kan ikkje Lisbeth Holtet svare på.

– Kva gjer du med det? Det må du spørje Bergen kommune om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lisbet Holtet

KRITISK TIL KUTTA: Spesialistveterinær Lisbet Holtet undersøker Houdini, ein Alaskian Husky som har blitt påkøyrd av ein bil. – No blir det ikkje noko vakt på natta lenger. Påkøyrslar som denne vil ikkje bli tatt seg av i det heile tatt, naturlegvis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det hyres litt knapt ut

Hundeeigarar og andre med smådyr, må ringe stordyrvakta som om natta dekker alle gardsbruk i Hordaland og store deler av Sogn og Fjordane, seier Helene Dahl, som er leiar for landbruksetaten i Bergen kommune.

Det er heilt normalt at dyra vert tatt vare på i eit sånt samfunn som me har.

Spesialistveterinær Lisbeth Holtet

– Då må dei ringe stordyrvakta, seier ho og vedgår at det er lite med ein person på vakt.

– Er dette overkommeleg for ei nattevakt som og skal hjelpe bønder med storfe?

– Det høyrest litt knapt ut.

Problemet er at landbruksdepartementet frå no av ikkje vil betale 720 000 kroner årleg til denne nattevaktordninga for Bergensregionen, seier Dahl.

– Departementet har trekt inn tilskotet til smådyrvakta. Om det blir aktuelt å betale dette lokalt, blir eit politisk spørsmål.

– Os, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden var ikkje spesielt interessert i å gje støtte. Då er Bergen liksom igjen litt åleine.

Får ikkje svar frå kommunen

Spesialistveterinær Lisbet Holtet

OVERRASKA: Me håpar kommunane forstår at dette må dei få ordne på, seier spesialistveterinær Lisbet Holtet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Spesialistveterinær Lisbeth Holtet seier dei har gjort alt dei kan for å få fram ei løysing, men seier dei ikkje får svar av kommunen.

– Det var veldig overraskande. Me trudde dei skjønte at eit sånt tilbod er nødvendig. Det er heilt normalt at dyra vert tatt vare på i eit sånt samfunn som me har.

– Veterinærane som sit med ansvar for både små og store dyr er jo heilt fortvila no. Me håpar kommunane forstår at dette må dei få ordne på, seier Holtet.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.