Hopp til innhold

Skadd etter å ha sovna under tilhengar

Ein mann er frakta til sjukehus med mistanke om klemskader etter han la seg til å sove under ein tilhengar.

Vestkanten

Tilsette ved Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord fann den fastklemte mannen som sov i parkeringshuset.

Foto: Vestkanten

Politiet rykka like over klokka 07.00 i dag ut etter ei melding om at ein mann sat fast inne på parkeringsanlegget til Vestkanten i Loddefjord.

– Dei tilsette ved kjøpesenteret hadde funne ein mann under ein tilhengar som dei brukar til å frakte handlevogner med. Han var fastklemt, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Lagt seg til å sove

Då dei lurte på korleis mannen hadde hamna i klem under tilhengaren viste det seg at han med vilje hadde lagt seg der med vilje.

– Når naudetatane kjem fram finn vi ein kar som ligg under ein av desse tilhengarane dei brukar til å frakte handlevogner med. Han hadde lagt seg til å sove der i løpet av natta ein gong, fortel Hellesund.

Var i klem i fleire timar

Han hadde vore i klem i fleire timar då dei tilsette endeleg kom på arbeid og fann han.

– Desse hengarane er hydrauliske, så den hadde søkke saman medan han låg å sov under den, fortel Hellesund.

Politiet mistenkte at han kunne ha fått klemskader etter hendinga, og har frakta han til sjukehus.