Hopp til innhold

Sjukehus måtte stenge i ei veke på grunn av asbest

På grunn av at kreftfarleg asbest kunne bli blåst inn i operasjonssalen, måtte fleire operasjonar ved Hagevik kysthospital avlysast.

Hagavik kysthospital

ASBESTFUNN: Funn av ei einsleg asbestplate gjorde at heile Hagevik kysthospital måtte stenge ned.

Foto: Helse Bergen

Eit asbestfunn på Kysthospitalet Hagevik i Os kommune gjorde at alle operasjonane førre veke måtte avlysast.

Det var ei einsleg asbestplate som sørga for at heile sjukehuset vart stengt ned.

Asbesten var komen inn i ventilasjonsanlegget, og det var fare for at asbesten kunne bli blåst inn i operasjonssalen medan pasienten låg på bordet.

Sjukehussjef Kari Indrekvam på Hagevik trudde at alt kreftframkallande bygningsmateriale var fjerna, men slik var det altså ikkje.

– I samband med ei ombygging fann dei ei asbestplate på eit teknisk rom på hospitalet. Denne plata var diverre blitt oversett, seier Indrekvam.

Asbest i ventilasjonsanlegget

Asbestplata blei funne laurdag 13. august, og skulle føre med seg store problem for sjukehuset.

– Det tekniske rommet styrte mellom anna ventilasjonen til operasjonssalen, fortel Indrekvam.

I og med at det har stått ei asbestplate i ventilasjonsanlegget, har det vore ein risiko ved tidlegare operasjonar?

– Nei, det skal det ikkje ha vore. Den har stått i ro og ikkje vore arbeidd med, seier Indrekvam.

Anestesi under operasjon

ASBEST I VENTILASJONSANLEGGET: Operasjonssalen her på Hagevik kysthospital måtte stenge som følgje av eit asbestfunn.

Flytta heile sjukehuset

Kysthospitalet er eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi. Dei driv også med rehabilitering og opptrening av pasientar.

Nokre av dei 30 pasientane som fekk operasjonane sine avlyst som følgje av funnet, fekk i staden gjennomført operasjonane sine på Haukeland universitetssjukehus medan asbestplata blei fjerna.

– Sidan dei framleis hadde ferieavvikling var der ledige operasjonssalar og ein stengt sengepost som vi kunne nytte oss av. Vi flytta alt personell frå kirurgar til operasjonssjukepleiarar og reingjeringspersonell til Haukeland, fortel Indrekvam.

Kari Indrekvam, sjukehussjef Hagevik kysthospital

PROBLEM: Sjukehussjef Kari Indrekvam trudde alle kreftframkallande byggematerial var fjerna før asbestplata i ventilasjonsanlegget dukka opp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

19 pasientar ventar framleis

Etter den omfattande flytteaksjonen fekk elleve av pasientane gjennomførte operasjonen som planlagt.

– Det gledelege i det heile var å ringe å fortelje at desse fekk gjennomført operasjonane sine likevel.

Framleis ventar 19 pasientar på Hagevik kysthospital på å få gjennomført operasjonane sine.

– Vi skal prøve å få gjennomført dei så raskt som vi greier. No er vi tilbake i normal drift, seier sjukehussjefen.

Hagavik kysthospital

HAR OPNA: Hagevik kysthospital er no tilbake i normal drift, og håpar å få gjennomført operasjonane så raskt som råd.

Foto: Helse Bergen