Politiet fekk klokka 17.40 melding om ei ulykke i Eikefettunnelen på E39 i Lindås kommune.
Rett etter klokka 18.00 melde Vest politidistrikt på Twitter at fire bilar er involverte. Seinare blei det klart at det var tre bilar med totalt sju personar i ulykka.
Alle dei sju personane blei frakta til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse.
Fleire barn involverte
Det skal vere snakk om ein frontkollisjon mellom to av bilane.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle, stadfestar at det var fleire barn i bilane.
– Alle involverte er frakta til Haukeland sjukehus. Ein eller fleire skal ha fått alvorleg personskade, men det har ikkje kome meldingar om kritisk skadde, sa Geitle til NRK kort tid etter ulukka.
Sundag kveld skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding at ei seks år gamal jente er alvorleg skadd i ulykka, mens to andre barn og fire vaksne er lettare skada.
Føraren av ein av bilane var stengd inne etter ulykka. Personen fekk hjelp av brannvesenet til å kome seg ut.
– Vi er nettopp komen fram til staden, og kjenner enno ikkje skadeomfanget, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle, til NRK kort tid etter ulykka.
Stengd i tre timar
Politiet dirigerte fyrst trafikken forbi ulykkesstaden. Etterpå blei tunnelen stengd på grunn av oppryddingsarbeid og undersøkingar, melde politiet på Twitter.
Klokka 20.42 kunne Vegtrafikksentralen melde at tunnelen var opna for trafikk igjen.
Det var lange køar på staden. Omkøyring er via fylkesveg 57 og ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg, melder Vegtrafikksentralen.