NRK Meny
Normal

Sju millionar har hørt Aurora i britisk reklamefilm

På eitt døgn har John Lewis-reklamen med musikk frå det 19 år gamle stjerneskotet blitt sett av nær sju millionar på Youtube. Samstundes klatrar Aurora på hitlistene i England.

Aurora Aksnes på by:Larm 2015

OPP OG FRAM: 19 år gamle Aurora Aksnes frå Os i Hordaland set nye milepælar i artistkarriera si. Siste er opptreden i ein svært populær og anerkjent britisk reklamefilm.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

19 år gamle Aurora Aksnes frå Os vart sensasjonelt plukka ut til å synge i den høgt profilerte førjulsreklamen til den britiske varehuskjeda John Lewis.

Det er første gong at ein ikkje-brite er vald ut, og Aksnes framfører Oasis-coveren "Half the World Away" i den påkosta reklamefilmen.

Reklamen vart sleppt på Youtube fredag føremiddag. Laurdag har den allereie nådd nær sju millionar visingar.

– Blir delt som ville helvete

Det har stor betydning for 19-åringen frå Os. For samstundes som avspelingane aukar på Youtube, klatrar låten på iTunes si salsliste i UK.

I skrivande stund har Aurora sjetteplassen på topplista, bak store stjerner som Adele, svært så omtalte Justin Bieber og Coldplay.

VGs musikkmeldar Tor Martin Bøe legg ingenting i mellom når han skal beskriva kor viktig det er for ein artist å hamna i ein julereklame av dette kaliberet.

– John Lewis-kampanjane er legendariske i reklamebransjen, og blir delt som ville helvete på sosiale medier fordi dei er så likandes, seier Bøe til eiga avis og trillar terningkast fem som dom over den nye låten frå Aurora.

Budsjett på 13 millionar kroner

Ifølge avisa The Guardian har årets reklamefilm, på knappe to minutt, eit budsjett på 13 millionar kroner. Med nær sju millionar avspelingar på eitt døgn kan ein førebels seie at den har slått bra an.

– Eg elskar jul og det er stort å vere ein del av årets reklame. «Show someone they`re loved at Christmas» er ein nydeleg beskjed og ei viktig påminning, seier Aksnes sjølv om musikkvideoen ho er ein stor del av.

Kan slå rekord

Samanlikna med Aurora sin egen artistkonto på Youtube, ser ein også kor viktig slik promotering er for artisten. Musikkvideoen til singelen "Runaway" er den mest sette med over 2,7 millionar visingar.

Julereklamen til John Lewis i 2014 har i dag litt over 24 millionar visingar, medan reklamen i 2013 nådde "berre" 15 millionar. Begge har mange visingar i november og desember, før det dabbar av.

Spørsmålet no er kor høgt årets reklame med eit 19 år gammalt stjerneskot frå Os når.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik