29-åring dømt på ny: Må betala 11 millionar meir etter storbrann

29-åringen frå Bergen har heile vegen nekta straffskuld, men i lagmannsretten har mannen fått ei strengare straff.

Brann i Vaskerelven

FARE FOR LIV: Tre hus blei totalskadd i november 2015. Ein 29-åring blei dømt for mordbrann.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tre hus blei totalskadd i brann i Vaskerelven i Bergen sentrum. Bergen tingrett meiner menneskeliv kunne gått tapt, og at 29-åringen tende på.

I tingretten blei mannen dømt til 7 års fengsel etter mordbrannparagrafen, men har heile tida nekta for tilknyting til brannen som starta tidleg laurdag 21. november 2015.

Nytt krav i lagmannsretten

Retten meiner faren for at menneskeliv kunne gå tapt var stor, og dømte difor mannen etter paragrafen. Han anka til Gulating lagmannsrett.

No har lagmannsretten valt å halda oppe fengselsdommen, men vel å gje 29-åringen ei høgare økonomisk straff, skriv Bergens Tidende. Han må betala 15,1 millionar kroner i erstatning, ei auke på 11 millionar frå dommen i tingretten.

overvåking brann vaskerelven

FANGA PÅ KAMERA: Gjerningspersonen blei fanga på kamera like etter at brannen blei tent på. Tingretten og lagmannsretten meiner personen er den dømte 29-åringen.

Foto: Politiet

– Feire av krava frå forsikringsselskapa var stipulerte då tingrettsdommen blei avsagt i fjor. No er fleire av krava i større grad klarlagde og utgifter er lagt på i mellomtida, fortel aktor Kristine Knutsen-Berge til NRK.

Brann Bergen sentrum

FLEIRE FORSIKRINGSKRAV: Lagmannsretten tok stilling til fleire forsikringskrav då dei dømte 29-åringen til å betala ytterlegare 11 millionar kroner i erstatning.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiadvokaten er nøgd med at også lagmannsretten følgjer påstanden aktoratet la ned.

– Me meiner det er riktig straff. Mannen forårsaka ein brann som lett kunne ført til tap av menneskeliv.

Forsvarar Sol Elden seier til NRK at ho har snakka med 29-åringen.

– Han er naturleg nok skuffa over domfellinga sidan han ikkje erkjente straffskuld. No skal vi bruka tid på å gjennom dommen, og vurdera ein eventuell anke, seier Elden.

Fire til sjukehus

26 personar blei evakuerte og fire personar blei sendt til sjukehus med lettare skader etter brannen.

Etterslukking i Vaskerelven i Bergen sentrum

STORE SKADER: 26 personar blei evakuerte etter storbrannen. Tre unge menn blei redda ut frå eit loftsvindauge.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tre personar måtte hentast ut med lift frå det eitt av husa. Ein person måtte hoppa frå andre etasje.

Ifølge brannvesenet stod tre personar i loftsvindauga og venta på hjelp medan kolsvart røyk velta ut av vindauga i etasjane under.

I tingrettsdommen heiter det at mannen framprovoserte utviklinga av brannen ved å tenna på brennbart materiale som han sette i kontakt med eit bosspann. Ifølge dommen tok dette spannet raskt fyr.