Hopp til innhold

Sju Amanda-nominasjonar til produsent frå Bergen

Filmselskapet Mer Film fekk i dag heile sju nominasjonar til Amandaprisen. – Vi er stolte og glade, seier produsent Maria Ekerhovd som tronar nominasjonslista.

Maria Ekerhovd

STOLT: Maria Ekerhovd tronar nominasjonslista med heile sju amanda-nominasjonar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I dag vart nominasjonane for Amandaprisen offentleggjort. Det bergensbaserte filmselskapet, Mer Film, kunne gleda seg over heile sju nominasjonar.

– Det er veldig kjekt at filmane vi har laga blir anerkjent av juryen, så vi er veldig glade for desse nominasjonane, seier ei nøgd Maria Ekerhovd som er produsent i Mer Film.

«Her er Harold» er nominert i fire kategoriar – beste scenografi, beste foto, beste regi og beste mannelege skodespelar. Filmen «Mot naturen» er nominert til beste filmmanus og beste norske kinofilm. I tillegg er filmen «Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvann» nominert i kategorien beste filmmusikk.

Ekerhovd er produsent for alle dei tre filmane.

Sender positive signal

– Vi er stolte og det var veldig kjekt å få prisen akkurat no. Det er mykje filmpolitikk på agendaen om dagen, og dette tenkjer eg er eit signal på at ein kan vera lika flink til å laga film i Bergen som andre plassar i Norge, seier Ekerhovd.

Ho meiner desse nominasjonane vil senda positive signal til filmprodusentar i heile Noreg, også utanfor Oslo.

– Det blir ofte påstått at om det blir fordelt meir pengar til regionane, så vil det vera øydeleggjande for filmbransjen. At vi fekk så mange nominasjonar no, gjer at slike argument visnar, seier Ekerhovd.

Mange nominasjonar

«Her er Harold» er regissert av Gunnar Vikene, og er basert på romanen «Saganatt» av Frode Grytten. Filmen handlar om møbelseljaren Harold, spelt av Bjørn Sundquist, som får livsverket sitt øydelagt av at IKEA etablerer seg på nabotomta. Difor bestemmer han seg for å kidnappe IKEA-grunnleggaren.

«Mot naturen» er regissert av Ole Giæver i Mer Film, som også har hovudrolla. Filmen handlar om Martin som er på helgetur i fjellet, medan sjåarane får høyre alt han tenkjer på, og han gjer val som vil endre livet hans for alltid.

Prisutdelinga vert arrangert i Haugesund 15. august