Hopp til innhold

Sjømatekspertane laga maten til julebordet sjølve – nokre dagar etter var 40 personar sjuke

Halvparten av gjestane vart slått ut med omgangssjuke då forskarane serverte sjømat på julebordet. Då starta kollegaene etterforsking.

Julebord ved Havforskningsinstituttet

BLEI MATFORGIFTA: Då forskarane skulle arrangere sitt eige julebord enda halvparten opp med å bli matforgifta. Arne Duinker (nr. 4 frå høgre) vart klar over at noko hadde gått gale då få møtte opp på jobb.

Foto: Privat

Under julebordet i 2013 bestemte forskarane ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) seg for å droppe catering. Maten ville dei lage sjølve.

– Alt skulle vere sjømat. Vi hadde full kontroll på alle råvarene, fortel forskar Arne Duinker.

Julebordet vart halde på ein fredag den 13. Då arbeidsveka starta att på måndagen, var det oppsiktsvekkande få som stilte på jobb.

Heile 40 av dei om lag 80 gjestane var blitt sjuke.

– Då byrja det å gå opp for oss at noko hadde gått gale, fortel Duinker.

Arne Duinker

FORSKA PÅ DET: Arne Duinker og ein kollega rekonstruerte hendinga.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Starta forsking på julebordet

Forskarinstinktet slo inn hos forskaren som jobbar med mattryggleik.

Også kollega Bjørn Tore Lunestad kasta seg inn i jakta for å finne eit svar. Lunestad, som til vanleg jobbar som matmikrobiolog, laga eit spørjeskjema som gjestene måtte fylle ut.

Då fann dei ein fellesnemnar hjå alle som var blitt sjuke. Dei hadde alle forsynt seg av teppeskjell frå Øygarden.

Rekonstruerte julematen

Duinker fortel at teppeskjella blei laga som ei skalldyrsuppe, der dei hadde grønsaker og skjel i ein kopp. Dei helte varmt kraft over ingrediensane, og trudde det ville uskadeleggjera eventuelle virus.

Tilfeldigvis hadde han tatt vare på eitt av skjella etter julebordet, som var oppbevart på eit kjølelager. Dei sende skjelet til analyse ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), og der fann dei spor av norovirus.

Etter dette blei det gjennomført rekonstruksjonar av matretten. Det var slik dei fann ut korleis noroviruset hadde overlevd.

– Det at vi varma dei opp i koppane førte til at varmen trakk ut, slik at det ikkje blei tilstrekkeleg temperatur til at viruset blei uskadeleggjort, forklarer Duinker.

Temperatursjekking av teppeskjell etter julebord i HI

SJEKKA TEMPERATUREN: Det vart gjort fleire rekonstruksjonar av matlaging, for å sjekke om temperaturane var høge nok for å ta livet av eventuelle virus i maten.

Foto: Arne Duinker / Havforskingsinstituttet

Publisert i tidsskrift

NIFES er i dag ein del av Havforskingsinstituttet, Erfaringane frå julebordet har dei lagt ut på egne nettsider. I tillegg er forskinga publisert i det vitskapelege tidsskriftet «Food and Environmental Virology» i desember 2016.

– Plukkar du skjel sjølv, må ein vera forsiktig. Tilstrekkeleg varmebehandling er løysinga for å drepe noroviruset, er Duinker sitt beste tips.

Han legg ikkje skjul på at julebordet i 2013 har blitt til ein god historie på arbeidsplassen. Men det som skjedde har også ført til noko konstruktivt.

Problemet med norovirus i skjel er nemleg framleis aktuelt i dag. Havforskingsinstituttet har difor tilsett ein norovirusekspert frå NMBU i ei bistilling.

– Vi har fokus på temaet, med god hjelp frå erfaringane vi fekk frå dette julebordet. No skal vi læra mykje meir om det, slik at vi kan gi gode råd til befolkninga, avsluttar Duinker.