Hopp til innhold

Sjømatbransjen friskmelder stadig fleire elver for rømd oppdrettsfisk

Oppdrettsfisk påverkar færre villfiskbestandar, meiner sjømatbransjen. – Det stemmer ikkje, seier leiar i villfisklag.

Villaks

UEINIGE: Sjømatnæringa og villfisklag er ueinige i påverknaden frå rømd oppdrettslaks.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Færre elver og villfiskbestandar vert påverka av rømd oppdrettsfisk, ifølgje Oppdrettsnæringas samanslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO).

Det skjer trass i at talet på rømmingar har gått opp dei siste åra.

– Me ser at dei tiltaka me gjer for å ta ut den rømde laksen, faktisk fungerer og at det blir mindre fisk som går opp og får til å gyta i elva, seier styreleiar Roar Paulsen.

– Ser at det vert mindre fisk

OURO er sett ned av Fiskeridepartementet, og består av representantar frå sjømatnæringa og styresmaktene. Formålet er å redusera risikoen for genetisk påverknad på vill laksefisk.

I 2018 fiska OURO ut 499 rømde laksar frå norske elver. Tilsvarande tal for 2017 var 428 og 521 laks for 2016.

– Trass auken i rømminga dei siste åra ser me ikkje ein tilsvarande auke i innslag av rømd oppdrettsfisk i elv, hovudsakeleg fordi me har sett i verk svært gode avbøtande tiltak, opplyser Trude Nordli, fagsjef for miljø og helse i Sjømat Norge.

I tre av fire norske elver er det no nesten ikkje rømd oppdrettsfisk, slår OURO og Sjømat Norge fast.

– Talet på elvene som har lite eller ingen rømd laks blir fleire og fleire, seier styreleiar Paulsen.

Roar Paulsen

POSITIV: Styreleiar Roar Paulsen i OURO meiner det vert mindre rømd oppdrettsfisk i norske elver.

Foto: Lerøy Hydrotech

Ikkje imponert

Styreleiar Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjorden Villfisklag er ikkje imponert over tala. Villfisklaget har tretti års erfaring med uttak av rømd oppdrettslaks.

– Dei ser berre på utsjånaden på fisken, medan me ser på skjelene og på genetikken. Det er meir presist enn det dei driv me.

Mellom 2015 og 2018 har han vore med på å fanga 706 laks frå elvar i vestlandsfjorden. Målet er å samla villaksstammar i ein genbank med levande fisk.

Nesten halvparten av fisken var ikkje brukande. Sjølv om rundt 80 prosent av fisken blei rekna som villfisk ved skjelprøvar, strauk ein tredel på gentest.

Dei førebelse resultata frå 2019 viser dårlegare resultat. Halvparten av all fanga fisk vert ikkje godkjent. Pedersen meiner det syner ein svakheit ved OURO sine tal.

Han fortel at halvparten av fisken dei tek ut er avkom etter rømd fisk som har gytt i elvane. Den fisken meiner han OURO ikkje får med seg sidan dei ikkje ser på genetikken.

– Baksida av det er at dei difor tek ut ein altfor liten andel av fisken, seier Pedersen.

Sven-Helge Pedersen

– STEMMER IKKJE: Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjorden Villfisklag meiner tala til OURO ikkje stemmer.

Foto: Tale Hauso / NRK

Størst genetisk påverknad

Norsk institutt for naturforsking og Havforskingsinstituttet publiserte i juni ein oppdatert status på genetisk påverknad av rømt laks på 225 ville laksebestandar.

Berre 33 prosent av bestandane hadde ingen genetisk endring.

Dei fleste bestandane med høg påverknad låg i Hardanger og i Sunnhordland.

I 2018 blei det meldt inn om lag 160.000 rømde oppdrettslaks og 3000 regnbogeaure. Året før var det samla talet på litt over 20.000 oppdrettsfisk.

Så langt i år er det meldt 290.000 rømde fisk.