Hopp til innhold

Tilsette krev sjefen attende

På den ekstraordinære generalforsamlinga i Sjømannskyrkja dag kravde tilsette at avsette Audun Myhre får jobben attende.

Kari Danielsen,

UNDERSKRIFTER: Kari Danielsen presenterte eit brev der samtlege av dei fast tilsette ved hovudkontoret i Bergen ber om at Audun Myhre fåt tilbake jobben som generalsekretær.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Generalsekretær i Sjømannskirken Audun Myhre

PRESSA UT: Audun Myhre gjekk av som generalsekretær etter press frå styret i mars. Få veit detaljane rundt oppseiinga hans.

Foto: Øyvind H. Sæthre / Øyvind H. Sæthre

Kari Danielsen, som er tilsett ved Sjømannskyrkja i Houston, hadde med seg eit signert brev frå dei på hovudkontoret i Bergen som er organiserte i fagforeininga Negotia.

Dei ber det nye styret å sjå på mogelegheitane for å gje den avsette generalsekretæren jobben attende.

Brevet er underskrive av samtlege av dei fast tilsette ved Sjømannskyrkja sitt hovudkontor i Bergen.

Splitta organisasjon

I brevet står det at dei tilsette ikkje har forståing for at Myhre måtte gå av i mars, og at dei har full tillitt til han.

Brevet synleggjer ein splitta organisasjon. Mange hadde håpa at dei skulle få svar på kvifor Myhre måtte gå i dag.

Heilt sidan Myhre gjekk av, har grasrota i organisasjonen vist misnøye til prosessen rundt oppseiinga.

Krev forklaring på avgangen til Myhre

Men konstituert styreleiar Nora Blaasvær held på at opplysningane er tausheitsbelagte.

Ho viser til ein ekstern rapport som grunnlaget for at Myhre måtte gå. Frå talarstolen på eit hotell i Bergen meiner mange det vert vanskeleg for Sjømannskirken å gå vidare uten at det kjem ei forklaring på kvifor den populære sjefen måtte gå.

Styret trekte seg i vår fordi dei ikkje hadde tillitt i organisasjonen. Den ekstraordinære generalforsamlinga vel nytt styre i ettermiddag.