Hopp til innhold

– Ei kyrkje med god takhøgde i 150 år

Sjømenn har fortalt om prestar som har frakta dei frå hamna til horestroket, mot at dei kom i kyrkja på søndag. Det er noko av grunnen til at Sjømannskirken har overlevd i 150 år, meiner historikar.

Sjøfartsmuseet

VIKTIG FOR MANGE: Biletet er frå jubileumsutstillinga til Sjømannskirken på Sjøfartsmuseet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det starta i Bergen for 150 år tilbake. Sidan den gong har Sjømannskirken blitt ein verdsomspennande organisasjon, framleis med hovudkontor i Bergen.

På 150-årsjubileet har dei framleis ein unik posisjon i heile verda. Ei årsak til det er at folk kjenner seg meir velkomne i ei sjømannskyrkje enn i ei vanleg norsk kyrkje.

Køyrde sjømenn til horestroket

Ingrid Myrstad

TAKHØGDE: Historikar Ingrid Myrstad seier Sjømannskirken tradisjonelt har vore veldig opne.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det meiner Ingrid Myrstad, som er historikar i Historikarverksemda.

– Det har tradisjonelt vore ei god takhøgde. Sjømennene fortel sjølv om hjelpepresten på Curaçao som køyrde folk frå båten til horestroket, mot at dei lova å kome i kyrkja på søndag. Det er jo uttrykk for ei pragmatisk haldning, seier historikaren.

Ein annan grunn til at kyrkja har overlevd gjennom så mange år, er truleg evna deira til å omstille seg etter behov. Då den norske sjømannen gradvis forsvann, omstilte dei seg til å bli ei kyrkje for alle nordmenn i utlandet.

Andre kyrkjer smuldra vekk

Som vi følgde handelsflåten frå stad til stad, prøvar vi også no å vere til stades der behova er størst

Jan Olav Johannessen, konstituert generalsekretær for Sjømannskirken

Medan til dømes danske og svenske søsterorganisasjonar har smuldra vekk, trur ein behovet for norske kyrkjer i utlandet berre vil vekse.

– Som vi følgde handelsflåten frå stad til stad, prøvar vi også no å vere til stades der behova er størst, seier konstituert generalsekretær for Sjømannskirken, Jan Olav Johannessen.

(Saka held fram under videoen)

Sjømannskirken fyller 150 år.

FEIRAR 150 ÅR: Sjømannskirken har 150-årsjubileum i år, og feirar blant anna med ei utstilling på Sjøfartsmuseet i Bergen. Foto/redigering: Dag Harald Kvammen Andersen

Historikar Myrstad har også trua på vekst.

– Om dei held fram i same bane som dei siste 25 åra, så trur eg Sjømannskirken har ei lys framtid føre seg.

Kongen med på markeringa

Denne helga vert jubileet markert over heile landet. Søndag opnar Kongen utstillinga ved Sjøfartsmuseet i Bergen, som fortel på Sjømannskirken si historie.

Direktør ved museet, Tore Nilsen, viser fram mange gjenstandar som har vore i Sjømannskirken gjennom åra. Kvar og ein av dei seier noko om kva rolle kyrkja har hatt.

– Sjømannskyrkja hjelpte blant anna til med å ta vare på pengar. Dei hadde bankverksemd, dei sørgde for brev, og sjølvsagt også sjelesorg når det var behov for det, fortel museumsdirektøren.

Sjømannskirken arkivfoto

HJARTEROM: Arkivfoto frå Sjømannskirken.

Foto: NRK