Hopp til innhold

Sjøløva Amy tømmer bassenget sitt for boss

AKVARIET I BERGEN (NRK): Sjøløva Amy plukkar opp plast i bassenget og legg det i ei bøtte. Sjå kor du kan kaste bosset du plukkar.

På Akvariet i Bergen bor det en sjøløve som har lært å sortere plast.

SJÅ VIDEO: Amy på Akvariet i Bergen har lært seg i ta ut boss frå bassenget sitt.

– Det starta som eit triks til showet som Amy har for dei besøkande. Men ho likte det så godt at ho no plukkar opp boss som hamnar i bassenget elles også, seier direktør Geir Olav Melingen ved Akvariet i Bergen.

I eit lite basseng med blågrønt vatn plaskar den sju år gamle sjøløva Amy rundt frå dam til dam. Ei grøn plastflaske og ei tom skinkepakke blir kasta ut i vatnet. Like etter har sjøløva teke begge delar i munnen, kravla opp på kanten og lagt bosset i ei bøtte.

– Ho plukkar det som ho ser at ikkje høyrer heime i dammen, seier Melingen.

Geir Olav Mellingen

– DYRA TRENG AT HAVET ER REINT: Geir Olav Mellingen er direktør ved Akvariet i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Gjer som Amy – bli med og plukk!

Akvariet bestemte seg for å setje fokus på plast og forsøpling i havet like før det vart funne store mengder plast i magen på ein sjeldan kval som stranda på Sotra. Showet der Amy plukka boss vart raskt populært.

– Dyra treng at havet er reint. Det er viktig å formidle at plast og boss har blitt ein av dei største trugsmåla mot livet i havet. Sjøløvene er svært populære dyr, og viss vi kan bake litt alvor inn i showa våre, får vi ut bodskapen på ein kraftig og verknadsfull måte, seier Melingen.

Sjøløven Amy

SJØLØVA AMY: Bosset blir ikkje liggande lenge når Amy er i bassenget.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Plastkvalen vekka også stort engasjement elles, og i fjor plukka 25 prosent av befolkninga plast.

Framleis er plast i naturen eit stort problem, og dette er mykje av grunnen til at NRK i dag arrangerer ein nasjonal ryddedugnad.

Slik tek du deg av bosset

«Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt» er mottoet når NRK går i bresjen for dugnaden. Vi utfordrar skular, barnehagar, idrettslag, korps, speidarar, politiske parti, burettslag, kommunar, næringsliv og ikkje minst enkeltpersonar til å hjelpe til og ta i eit tak.

Ryddeaksjonen skjer i samarbeid med Hold Norge Rent, som samtidig arrangerer si nasjonale strandryddeveke. Dersom du ryddar på ei strand, langs elver eller rundt vatn oppfordrar vi deg difor til å registrere deg i Hold Norge Rent sin ryddeportal for å få bosset henta.

NRK tek ikkje ansvar for bosset som vert plukka. Viss du ryddar utanfor strandsona må du difor sikre at bosset vert henta – eller levere det sjølv.

Under ser du korleis dei ulike renovasjonsselskapa i Hordaland organiserer dette:

Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap (BIR)

  • Askøy, Bergen, Fusa, Kvam, Os, Osterøy, Samnanger, Sund og Vaksdal
  • Meld deg på vårdugnad via BIR sine heimesider for å få dugnadssekkar som kan leverast på gjenvinningsstasjonar eller setjast ved bosspann og returpunkt. Viss de plukkar store mengder, ta kontakt med BIR for henting.

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)

  • Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
  • På SIM sine nettsider kan ein registrere seg for strandrydding eller rydding i nærmiljøet. Slik får ein dugnadssekkar, som også kan hentast gratis på miljøsentralen. Lever sekkane sjølv på miljøsentralen.

Indre Hordaland Miljøverk

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR)

  • Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy, Gulen og Solund
  • Ved strandrydding, ta kontakt med kommunen eller NGIR for å registrere kvar ein ryddar og kven som deltek
  • Ved rydding i nærmiljøet, lever bosset på gjenvinningsstasjonen eller legg det i eigen dunk

Fjellvar

  • Fjell
  • Ved strandrydding, lever bosset sjølv på gjenbruksstasjonen eller avtal med renovasjonsselskapet dersom bosset skal hentast.
  • Vanleg avfall kan setjast ved bossdunk eller returpunkt, bruk helst gjennomsiktige sekkar.