Hopp til innhold

Sjokkmålingar av luftforureining i Bergen

Lufta ved hamna i Bergen er hundre gonger meir forureina enn normalt, syner ferske målingar. – Folk flest tenker nok ikkje over forureininga frå skipstrafikken, men den er faktisk eit stort problem, seier Daniel Rieger i NABU.

Tysklands største miljøorganisasjon er i Bergen for å sjekke luftproblemene med båter ved Bergen havn.

STOR LUFTFORUREINING: Dietmar Oeliger og Daniel Rieger (til høgre) i Tysklands største miljøvernorganisasjonen NABU, målte i dag mengde partiklar i lufta ved Bergen hamn. Målingane synte at lufta i området er 100 gonger meir forureina enn det som er normalt i Bergen. Foto/redigering: Jørgen Eide.

Folk flest tenker nok ikkje så mykje over forureininga frå akkurat skipstrafikken, men den er faktisk eit stort problem.

Daniel Riger, NABU

– 190.000 partiklar. Målinga syner at lufta er 100 gonger meir forureina enn normalt her i Bergen.

Dietmar Oeliger og Daniel Rieger i Tysklands største miljøvernorganisasjonen NABU (Nature and Biodiversity Conservation Union) ser alvorlege ut då resultata frå måleapparatet kjem fram på skjermen.

Dei har reist frå Tyskland til Noreg for å måle partikkelutslepp frå skipstrafikken i Bergen. Målingane syner kor mykje svevestøv som kjem frå skipa som brenner olje og diesel når dei ligg til kai i Bergen.

– At desse målingane er så høge, er eit stort problem for Bergen. Folk flest tenker nok ikkje så mykje over forureininga frå akkurat skipstrafikken, men den er faktisk eit stort problem, seier Rieger.

LES OGSÅ: Norge kan bli stilt for retten for forurensing

– Overraskande at det var så gale

luftmåling NABU Bergen

MÅLTE LUFTKVALITETEN: Ved eit tysk forskingsfartøy som låg på Skolten blei det målt 216.000 partiklar per kubikkcentimeter. Ved Hurtigruta synte målingane på det meste 466.000 partiklar per kubikkcentimeter.

Foto: Jørgen Eide / NRK

NABU målte mengde partiklar i lufta rundt Skolten og Jekteviken/Hurtigruteterminalen i Bergen. Målingane syner mengde ultrafine partiklar. Dette er svevestøv som er mindre enn dei partiklane som oftast vert målt og regulert i Noreg.

Ved eit tysk forskingsfartøy som låg på Skolten blei det målt 216.000 partiklar per kubikkcentimeter. Ved Hurtigruta synte målingane på det meste 466.000 partiklar per kubikkcentimeter. For å samanlikne utførte NABU også målingar i Nordnesparken og ved Lille Lungegårdsvann. Målingane synte der 1500–2000 partiklar per cm³.

– Målingane er urovekkande høge. Det var veldig overraskande at det var så gale, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Hordaland Nils Tore Skogland, som var med då NABU utførte målingane i dag.

Nils Tore Skogland

– UROVEKKANDE: Dagleg leiar i Naturvernforbundet i Hordaland Nils Tore Skogland er overraska over at målingane synte så høge tal.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– I dag var det heller ikkje noko spesielt ver som kunne forklare så høge utslag, tvert i mot gjorde vinden i dag at mykje av røyken ikkje blei målt.

Då målingane blei gjort i dag var det frålandsvind i området. Det vil seie at vinden bles utover mot havet. Hadde det vore pålandsvind, ville målingane sannsynlegvis vore endå høgare, ifølgje Skogland.

Målingane syner ikkje mengde svoveldioksid eller nitrogendioksid, som også er kjelder til forureining.

LES OGSÅ: Her var luften verre enn på Danmarks plass

Skadeleg for menneske og dyr

Slik partikkelforureining som i dag blei måla er skadeleg for menneske, dyr og natur, syner forskingsrapportar NABU og Naturvernforbundet i Hordaland syner til. Dei små partiklane går lenger inn i kroppen utan at dei blir stoppa av beskyttelsesmekanismane til kroppen. Rapporten syner fleire negative følgjer for helsa til menneske og dyr.

– Det som er farleg er å bli utsett for slike partiklar over lengre tid. I ein del område blir slik partikkelforureining mellom anna knyta til for tidleg dødsfall, så dette er noko me skulle ha hatt minst mogleg av, seier Skogheim.

LES OGSÅ: Forskning.no om luftforureining

LES OGSÅ: Forskingsrapport om partikkelforureining

(Artikkelen held fram under grafen)

NABU luftmåling

VED HURTIGRUTEN: Luftmålingane ved Hurtigruten i Bergen synte på det meste 466.000 partiklar per kubikkcentimeter.

Foto: NABU

– Kan betrast med landstraum og anna drivstoff

Luftforureininga er tydelegast på vinteren, men NABU og Naturvernforbundet ønskte å finne ut om dei mange cruiseskipa og supplybåtane i Bergen gav høge verdiar av svevestøv også om sommaren.

Den langsiktige løysinga for å få ned mengde partiklar i lufta er ifølgje NABU og Naturvernforbundet å få endra regelverket slik at skipa må legge om til anna drivstoff enn tungolje.

– Ein kan pålegge skipa å bruke meir elektrisitet, og me ber om at ein på skip tek i bruk dei same teknologien som ein brukar i nye bilar, partikkelfilter og katalysatorar, seier Dietmar Rieger i NABU.

– Denne teknologien er tilgjengeleg og kostnadseffektiv, seier han.

Rieger får støtte frå Skogland i Naturvernforbundet i Hordaland.

– Tungolje er ille. Ei meir kortsiktig løysing er å innføre landstraum langs kaien. Det vil seie at båtane får kople seg til straum når dei ligg i hamn.

Dette er Bergen kommune og Hamnestyret i gong med. Etter planen vil det fyrste anlegget vere klart for prøvedrift i desember i år.

LES OGSÅ: Skuffet over manglende klimasatsing

NABU

VED BERGEN HAMN: Dietmar Oeliger og Daniel Rieger i Tysklands største miljøvernorganisasjonen NABU er i Bergen for å måle partikkelforureining frå skipstrafikken. Målet er å få endra regelverket og få flest mogleg reiarlag i Europa til å utfase bruk av tungolje og installere betre reinseutstyr.

Foto: Jørgen Eide / NRK