Hopp til innhold

Mjølkebonden var tilbake på garden – så kom sjokkbeskjeden

21 timar etter at vallokala stengde sender seint innkomne førehandsstemmer brått Nils T. Bjørke (Sp) inn på Stortinget.

Nils T Bjørke, Kjersti Toppe, Trygve Slagsvold Vedum

TO PÅ TINGET: Nils T. Bjørke (t.v.) ligg an til å koma inn på utjamningsmandatet. For første gong sidan 1993 får Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum to representantar frå Hordaland. Førstekandidat Kjersti Toppe i midten.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Klokka 17.34 dagen etter valdagen skjedde omveltinga. Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, fekk dei titals stemmene han trengde og tek etter alt sannsyn det siste sikre stortingsmandatet frå Hordaland.

Terje Knutsen, valforskar ved Universitetet i Bergen, er overraska over utviklinga.

– Dette er heftig! Det viser at det betyr noko å stemma. Nils T. Bjørke var inne nokre gonger i går kveld, så det er ikkje overraskande at han får utjamningsmandatet. Det er eigentleg fortent, etter den store framgangen dei har hatt.

Sikra sikker plass medan førehandsstemmer blei talde

Klokka 17 opplyste Bergen kommune at minst 1600 førehandsstemmer enno ikkje var talde. Etter kvart som som stemmeteljinga kom i gang, rykka Breivik nærare og nærare direktemandatet.

Terje Breivik på valgvake i Bergen

VIPPA INN: Det stod lenge om eit titals stemmer, men Terje Breivik fekk det siste direktemandatet frå Hordaland. Det starta dominoeffekten og kampen om utjamningsmandatet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Klokka 17.34 fekk Breivik stemmene han trengde. Det medførte at Torkil Åmland (Frp) mista sitt direktemandat til Venstre medan Senterpartiet ser ut til å ta utjamningsmandatet.

Saman med kona følgde Åmland utviklinga rett.

– Brått var det snakk om fleire hundre stemmer. Så det må ha vore ein Venstre-koloni ein eller annan stad, seier Åmland til NRK etter å ha innsett nederlaget.

I grafikken under kan du til ei kvar tid sjå kven som er inne.

Oppdatert: Klokka 18.14 viste mandattellinga at Breivik er inne med over 400 stemmer.

Nesten inne, nesten ute i Hordaland

Partiene som er nærmest å vinne eller tape en mandat

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Inne

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Inne

Ute

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Ute

Mjølkebonden var tilbake i kvardagen

Då NRK ringer heiltidsbonden frå Voss tysdag ettermiddag, er han allereie tilbake i kvardagen som mjølkebonde.

– Verkeleg, seier du det? Eg var vel innstilt på å halda fram som fylkestingspolitkar og at det ikkje vart noko Oslo-tur på meg, seier ein overraska mjølkebonde på Voss.

Den tidlegare bondelagsleiaren hadde slått frå seg tanken om stortingsplass då Venstre såg ut til å få utjamningsmandatet natt til tysdag. Han innrømmer at han har slutta å følga utviklinga i detalj.

Etter at 99,8 prosent av stemmene er telt, hadde Senterpartiet 7,6 prosent av stemmene i Hordaland. No er Bjørke inne på utjamningsmandatet.

– Eg torer likevel ikkje å sleppa jubelen heilt laus. Det er fleire stemmer som skal teljast opp.

Kjersti Toppe, valgvake Bergen 2017

I EKSTASE: Førstekandidat Kjersti Toppe har i to periodar sete åleine som Sp-representant frå Hordaland. No ser det ut til at ho får selskap av Bjørke. Det er nesten 25 år sidan sist det skjedde.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Første gong eg har heia på Breivik

Om kampen om utjamningsmandatet står seg, er det for første gong sidan 1993 at Senterpartiet i Hordaland har meir enn éin representantar på Løvebakken.

– Dette er historisk. Det er første gang eg har heia på Terje Breivik frå Venstre, seier førstekandidat Kjersti Toppe til NRK.

I 1993 hadde partiet tre hordalandspolitikarar, og den store saka var EU-medlemskap.

– Dette er historisk, konstaterer Toppe.

Stortingsrepresentanter i Hordaland

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Erna Solberg
    63 år, Høyre
  2. Magne Rommetveit
    67 år, Arbeiderpartiet
  3. Helge André Njåstad
    43 år, Fremskrittspartiet
  4. Ove Trellevik
    58 år, Høyre
  5. Jette F. Christensen
    34 år, Arbeiderpartiet
  6. Peter Christian Frølich
    36 år, Høyre
  7. Kjersti Toppe
    56 år, Senterpartiet
  8. Silje HjemdalNY
    39 år, Fremskrittspartiet
  9. Audun Lysbakken
    46 år, Sosialistisk Venstreparti
  10. Eigil KnutsenNY
    35 år, Arbeiderpartiet
  11. Torill Eidsheim
    53 år, Høyre
  12. Knut Arild Hareide
    51 år, Kristelig Folkeparti
  13. Tom-Christer NilsenNY
    54 år, Høyre
  14. Ruth Grung
    65 år, Arbeiderpartiet
  15. Terje Breivik
    58 år, Venstre
  16. Utjevningsmandat
    Nils T. BjørkeNY
    65 år, Senterpartiet