Natt til 9. april 1940 invaderte tyske styrkar Noreg under Operasjon Weserübung. Då morgonen kom hadde dei tyske soldatane gått i land i ei rekke norske byar, og aksjonert mot kystbefestningar og flyplassane Fornebu og Sola.
I åtte år har kommandørkaptein og sjef for Sjøforsvarets sikkerhetssenter John Gunnar Refsnes jobba med å rekonstruere det som skjedde den natta. I miniatyr har han bygd opp heile krigsscenen slik den såg ut kvelden før invasjonen.
– Det byrja ved ein tilfelle for mange år sidan. Eg kom over salet av to panserskip på eBay, og då eg såg detaljrikdomen så grodde det fram ei interesse, fortel Refsnes.
- Sjå video frå 9.april 1940 øvst i saka
– Vil gjenskape slaget ved Jylland
Kommandørkapteinen har dei siste åtte åra samla miniatyrutgåver av tyske, norske og britiske krigsskip som var i bruk den 9. april 1940.
– Eg har prøv å rekonstruere i miniatyr heile krigsscenene i Nord-Europa, og har no 95 prosent av alle overflatefartøya som var i Norskehavet og Nordsjøen på det aktuelle tidspunktet. Her ser me dei tyske styrkane og den britiske flåten som var utstasjonert i Nordsjøen og Norskehavet, fortel Refsnes.
Han har allereie neste prosjekt klart.
– Målet er å gjenskape slaget ved Juttland som var verdas største sjøslag utanfor Jylland under fyrste verdskrig.
LES OGSÅ:
|