Sjøforsvaret åtvarar fregattmannskap etter alvorleg ulukke

Mannen lente seg mot rekka som skulle vore låst. Då den opna seg, fall han 12-13 meter og hamna i koma.

KNM «Otto Sverdrup» under øvelse på Trident Juncture

FALL 12–13 METER: Ein mann i 50-åra vart sendt til sjukehus med alvorlege skader etter eit fall frå KNM «Otto Sverdrup» medan den låg til kai. Politiet opplyser at dei no har fått avhøyrd mannen og at han er i rehabilitering.

Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Forsvar / Oda Linnea Brekke Iden / Forsvaret

Onsdag 10. april vart ein mann i 50-åra frakta til sjukehus etter ei arbeidsulukke på Knappen ved Haakonsvern i Bergen.

Mannen var sivilt tilsett i Forsvaret og jobba med lasting og lossing av ammunisjon på KNM «Otto Sverdrup» då han fall frå stor høgde frå fregatten.

No stadfestar Forsvaret overfor NRK at Sjøforsvaret har gitt fregattmannskap råd om å vere varsame kring staden på fartøya der mannen i 50-åra fall ut.

– Det er sendt ut tryggleiksråd med melding om at alle må vere spesielt merksame på dei stadene der redningsflåtane ligg, seier flaggkommandør Rune Fromreide Sommer.

På betringas veg

Den forsvarstilsette hamna i koma, men for to veker sidan fortalde politiet at han var på betringas veg.

No har også politiet endeleg fått avhøyrd mannen om det som skjedde.

– Men vi har ikkje kome nærare ei årsak til arbeidsulukka. Det er likevel flott for alle partar at han er på betringas veg, seier politioverbetjent Svein Føllesdal ved Bergen vest politistasjon.

Mannen i 50-åra er no på rehabilitering.

– Vi er veldig glade for at helsetilstanden hans er betra, kommenterer flaggkommandør Sommer.

Mannskap lener seg mot rekka på KNM Otto Sverdrup

REKKA GAV ETTER: Biletet er frå styrbord side på KNM «Otto Sverdrup» og er tatt i ein annan samanheng. Redningsflåten ligg på innsida og glipa i rekka viser korleis den kan vippast ut når flåtane må takast i bruk.

Foto: JON VAAG EIKELAND OG GEORG AUSTAD / FORSVARET

Lente seg til rekka – så opna den seg

KNM «Otto Sverdrup» låg til kai då arbeidsulukka skjedde. Tidlegare har verken politiet, Forsvaret eller Arbeidstilsynet ønska å gå nærare inn på omstenda.

No fortel politiet at det var fleire vitne til at mannen forsvann over rekka på fregatten og ned i sjøen. Mannen fall frå ein stad på fregatten der redningsflåtar blir firt ned.

Når flåtane skal takast i bruk, så er det ein utløysarmekanisme som gjer at rekka på båten går ned som ein lem. Mannen skal ha lent seg til denne delen av rekka, då den plutseleg gav etter, forklarar Føllesdal.

Undersøkjer sikringa

Dette skjedde på landsida av fregatten, og mannen fall 12-13 meter ned i sjøen mellom kaien og fregatten. Det er framleis usikkert om mannen trefte kaien på veg ned.

Redningsflåtane skulle ikkje ut då ulukka skjedde.

– Undersøkingane våre går difor på om rekka var riktig festa. Vi hentar framleis inn dokumentasjon i saka og ventar også på Arbeidstilsynet sin rapport, seier Føllesdal.

Skal vera låste

Forsvaret stadfestar ovanfor NRK at sikringa av rekka er eitt av forholda som blir undersøkt i granskingane.

Flaggkommandør Sommer forklarer at redningsflåtane ligg på innsida av rekka fleire stader på fregatten.

For at skipet skal vera vanskeleg å sjå på radar, må det ha minst mogleg utspring. Difor må rekka vippast ned om redningsflåtane skal takast i bruk. Elles skal dei vera heilt låste.

Arbeidstilsynet har ikkje svara på NRK sine førespurnader torsdag.