Hopp til innhold

Sjenerande graving på Stord

Klokka 00.40 blei det ringt inn ei melding om at ein gravemaskin dreiv med meisling til sjenanse for bebuarar i eit bustadområde. Ein patrulje tok kontakt med arbeidarane, som opplyste at dei jobba for kommunen, og skulle fiksa eit problem med vatnet på flyplassen. Arbeidarane skulle slutta med meislinga ila. 5 minutt, og det kom ikkje fleire klagar etterpå, opplyser André Skram Hansen i Sør-Vest politidistrikt.