NRK Meny
Normal

Sjekkliste ved operasjonar hindrar komplikasjonar

Ferske forskingsresultat viser at bruk av sjekkliste under operasjonar gjev ein nedgang på heile 42 prosent i komplikasjonar.

Operasjon Haukeland universitetssykehus

STOR EFFEKT: Lista skal sikra at tryggleikstiltak blir gjennomført i praksis ved kvar einaste operasjon.

Foto: Haukeland universitetssykehus

– Ingen andre tiltak for å få ned komplikasjonar under kirurgiske inngrep har hatt større effekt enn bruk av denne sjekklista. Det einaste eg kjem på som kan måle seg, er då kirurgane byrja å vaska hendene før operasjon, seier professor og leiar ved seksjon for pasienttryggleik, Stig Harthug.

Resultata viser at vi må bruka sjekklista kvar gang og på kvar einaste pasient

Arvid Haugen, fagsjef sjukepleie ved Kirurgisk serviceklinikk

Ny og verdifull kunnskap

Sjekklista er utvikla av WHO, og Haukeland universitetssjukehus tok sjekklista i bruk i 2009. Sidan då har ei forskingsgruppe, med fagsjef sjukepleie ved Kirurgisk serviceklinikk, Arvid Haugen, i spissen, forska på bruken hos Haukeland universitetssjukehus og Helse Førde.

Arvid Haugen

NØGD: Fagsjef sjukepleie ved Kirurgisk serviceklinikk, Arvid Haugen har forska på sjekklista og er veldig nøgd med resultatet.

Foto: Helse Bergen

Resultata viser at bruk av sjekkliste under operasjonen gjev ein nedgang på heile 42 prosent i snitt på alle typar komplikasjonar.

– Vi ser spesielt reduksjon i komplikasjonar og i liggetid, og så viser det seg at det er best resultat når ein bruker alle dei tre delane i sjekklista, forklarer Haugen.

Etter innføringa har komplikasjonar knytt til mellom anna hjarte og lunge, infeksjonar, blødingar, operasjonssår og ikkje planlagde re-operasjonar blitt redusert frå 19,9 prosent til 11,5 prosent. I tillegg blei den gjennomsnittlege opphaldstida på sjukehusa etter operasjon, redusert med nærare eitt døgn.

– Dette er vi veldig nøgd med, seier Haugen.

Setter pasienttryggleik i fokus

– Sjekklista inneheld tre element som er viktige sjekkpunkt. Fyrste delen gjer vi før vi gjev bedøving, så går ein gjennom ny sjekk når heile operasjonsteamet er samla før ein går i gang med sjølve inngrepet, og når operasjonen er ferdig så tar vi ein gjennomgang på kva ein har gjort, forklarer Haugen.

Sjekklista er sett saman etter innspel frå medisinsk personell og pasientar i fleire land. Lista er enkel, og skal sikre at tryggleikstiltak som allereie er dokumentert at har effekt, blir gjennomførte i praksis ved kvar einaste operasjon.

– Sjekklista sikrar også god kommunikasjon i operasjonsteamet, slik at ein får fokus og bevisstheit på det som skal gjerast. Med den får vi stadfesta eit felles mål og felles ansvar – noko som kjem både pasienten og oss som er på jobb til gode. Sjekklista gjer at allereie gode rutinar blir enda betre, forklarer Haugen.

Sjekkliste

SJEKKLISTE: Dette er sjekklista for Trygg Kirurgi, delt inn i tre fasar. Førebuing, timeout og avslutning.

Foto: Helse Bergen