Hopp til innhold

Arbeidstilsynet: – Griseflaks at ingen omkom

Arbeidstilsynet sjekkar om store mengder vatn i konteinaren kan ha ført til kranulykka i Bergen i går.

Kranulykke i Valkendorfsgaten

DUNDRET I BAKKEN: Kontaineren og kranen traff bakken med stor kraft.

Foto: Gøril Teigen

Ble nesten knust av kontainer

OVERLEVDE: Ein reinhaldar sat inne i den sølvgrå varebil då kontaineren knuste bakdelen av bilen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Arbeidstilsynet har oppretta sak, og samarbeider no med politiet for å finna ut kva som har skjedd.

To bilførarar overlevde mirakuløst då ein konteinar og armen på ein kran dundra i bakken frå femte etasje i Valkendorfsgate i Bergen måndag føremiddag.

– Dersom konteinaren har vore full av vatn, kan dette ha ført til svingingar og ustabilitet etter at kranen hadde løfta konteinaren opp frå taket, seier Marita Scott som er tilsynsleiar ved Arbeidstilsynet i Bergen til NRK.no.

– Burde vore sperra

Tilsynsleiaren meiner det allereie no er ganske klart at området burde vore sperra av før kranføraren starta arbeidet.

Dette er noko Arbeidstilsynet skal sjå nærare på.

Marita Scott

SJEKKAR RISIKOVURDERINGA: Tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet i Bergen skal blant anna sjekka kva risikovurderingar som blei gjort.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi vil blant anna prøva å finna ut kva risikovurderingar som er gjort, seier Scott.

Ho vil også ha svar på om kranføraren hadde naudsynt opplæring og om kranen var i god stand og kontrollert slik reglane krev.

Scott seier det er fleire faktorar som spelar inn og som kan føra til at ei slik ulykke skjer.

– Kranen skal tola ei viss vekt, den kan ha mista stabiliteten når kranarmen var heilt ute og det kan ha vore ein svakheit ved kranen. Så det er mange forhold som kan ha spelt inn, og dette skal vi finna nærmare ut av, seier ho.

– Griseflaks

Scott seier det ikkje er heilt uvanleg med denne typen ulykker, men at skadepotensialet var spesielt stort fordi det skjedde i eit så tettbygd område.

Både bilar og fotgjengarar var bokstavleg talt i faresonen, og Scottt meiner skadepotensialet frå den tunge kranen og konteinaren var stort.

– Det er griseflaks at ingen omkom, seier ho.

Har avtalt avhøyr

Politiet opplyser at kranføraren og hjelpemannen framstår som dei to viktigaste vitna i saka.

– Vi er no i ein innsamlingsfase, og har gjort avtalar om å avhøyra fleire vitne, seier seksjonsleiar Jan Martin Skulstad ved allmennseksjonen på Bergen sentrum politistasjon.

Politiet skal også få undersøkt tilstanden på kranen som blei brukt.

– Vi har også fått inn bilde og video frå overvakingskamera, som vi no skal gå gjennom, seier Skulstad.

Alvorlig kranulykke midt i Bergen sentrum.