NRK Meny
Normal

Slik stoppar dei villmannskøyring med skuter

Politiet sette denne helga inn helikopter i jakta på folk som køyrer ulovleg med snøskuter. – Vi ser at det er mykje tullekøyring.

Politihelikopter på scooterjakt

PÅ JAKT: Politiet i Hordaland fekk bistand frå politihelikopteret då dei i helga aksjonerte mot skuterkøyring i fjellet.

Foto: Politiet

Bakkemannskap scooterjakt

BAKKEMANNSKAP: Aksjonen i helga var samordna, og politiet hadde auge både på bakken og i lufta.

Foto: Politiet

Politiet i Hordaland var ute både laurdag og søndag for å kontrollera og sjekka skuterførarar i fjellet. Søndag fekk dei i tillegg bistand frå politihelikopteret frå Oslo, skriv Bergens Tidende.

– Me har vore i nasjonalparkane på Hardangervidda og Folgefonna, i ein samordna aksjon saman med politihelikopteret. Dei var til stor nytte for oss i denne aksjonen, fortel politioverbetjent Per Helge Sekse i Hordaland politidistrikt til NRK.

I tillegg til helikopteret hadde politiet folk på bakken med snøskuterar. Sekse seier at politiet får ein stor fordel av å ha auge både på bakken og i lufta.

– Oppe i helikopteret speidar dei også med kamera. Det er politimannskap i helikopteret i tilfelle dei ser noko dei reagerer på og må lande.

Ser mykje tullekøyring

Sekse fortel at det var mykje skutertrafikk på Hardangervidda denne helga. Årsaka er strålande vêr og folk som skal ha utstyr og mat opp på hyttene sine. Dei har nytta sjansen etter ein vinter med mykje dårleg vêr.

Men desse køyrer lovleg og har løyve ifølgje politioverbetjent. Dei er på jakt etter andre.

– Årsaka til at me har denne aksjonen er at vi over tid har observert køyring som ikkje har noko som helst med nyttekøyring å gjera. Me ser spor i fjellsidene som syner at folk leikar seg. Dette er ikkje den lovlege plassen å gjera det og dette vil vi til livs, forklarar Sekse.

Fekk napp på Folgefonna

Til BT seier lensmann Kåre Rykkje på Voss at ulovleg skuterkøyring i fjellet er eit stort problem.

– Villreinen er i fjellet og tek til seg mat. Snart skal dei kalve. Skuterkøyringa forstyrrar dyra og dette ser vi alvorleg på.

På eit område i Ullensvang fekk politihelikopteret napp. Ein skuter var ikkje registrert.

– No sjekkar vi opp forholdet vidare. Vedkommande hadde ikkje lov til å køyre i utmark, seier politioverbetjent Sekse.

Artikkelen held fram under biletet

Politihelikopter

– EIT STORT PROBLEM: Lensmann på Voss, Kåre Rykkje, meiner ulovleg skuterkøyring er eit stort problem i politidistriktet. – Villreinen er i fjellet og tek til seg mat. Snart skal dei kalve. Skuterkøyringa forstyrrar dyra.

Foto: Politiet

Avtalt i god tid

Køyring med snøskuter er i Noreg regulert av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Lova kom i 1978. I haust opna regjeringa for at over 100 kommunar kan leggje til rette for løyper der scooterførarar kan få leika seg.

Helikopteret som var med i aksjonen på søndag, kostar ikkje noko for politidistriktet å leiga inn, forklarar Per Helge Sekse.

– Vi bestiller helikopteret frå aust, i god tid. Samstundes tek ein høgde for at noko meir alvorleg skjer. I så tilfelle, vert ressursen omplassert.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.