Hopp til innhold

Sjekk den Donald-kulen!

Det gjekk hardt for seg då Ine i Arna-Bjørnar møtte Åsane Fotball herrar til ein tøff treningskamp i dag. – Eg fekk heilt sjokk då eg såg kulen, seier ho.

Ine Thoresen Wedaa

SKIKKELEG DONALD-KUL: Arna-Bjørnar spelar, Ine Thoresen Wedaa syntest det vart ein tøff kamp mot gutane på morgontreninga i dag.

Foto: Arna Bjørnar

– Fyrst sa alle rundt meg «oj», og så byrja dei å le sidan eg såg så rar ut, seier Arna-Bjørnar spelar Ine Thoresen Wedaa.

På ein treningskamp mellom Arna-Bjørnar og Åsane Fotball herrar laurdag morgon vart det ein tøff kamp for Ine.

– Eg og ein motspelar gjekk opp etter ein ball og hadde ein duell, og så klinka begge hovuda saman. Så han har sikkert same kul som meg, seier Ine med godt humør.

– Fyrst vart eg redd

Duellen resulterte i ein diger kul – rett og slett ein skikkeleg «donald-kul» i panna til Ine.

– Fyrst låg eg nede på bakken. Så tok eg meg til hovudet og kjende den store kulen. Fyrst vart eg litt redd, men eg var ikkje svimmel og hadde ikkje fått hjernerystelse. Eg tenkte fort at det ville gå bra, og det gjorde det. Så då var det berre å ta det med eit smil, seier ho.

Då ho fekk sjå seg sjølv i spegelen, trudde ho ikkje sine eigne augo.

– Eg fekk heilt sjokk, fordi den såg så rar ut. Sjølv om den var så stor så gjorde det ikkje så veldig vondt heller, det berre verka litt, seier Ine.

– Aldri sett så stor kul før

Då NRK snakka med Ine laurdag ettermiddag, var ho godt nøgd med at kulen nesten hadde forsvunne.

– Eg er glad den har gått ned no. For det hadde vore kjedeleg å gå ut med ein sånn kul. Den var veldig svær. Eg har aldri sett nokon som har hatt ein så stor kul før, seier Ine med eit smil.

– Er det vanleg at det går så hardt for seg på treningskampane dykk spelar?

– Ja, det pleier å vera mange taklingar og det går hardt for seg, men i dag fekk eg verkeleg ein karamell, seier ho.