– Etterforskinga vil ta tid. Det er ein del datamateriale å gå gjennom, seier lensmann i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg.
I førre veke blei mannen i 30-åra sikta for å ha bestukke tre gutar i 15-16-årsalderen for å ta nakenbilete av dei.
Mannen jobba i ein butikk, der han kom i kontakt med gutane. Sjefen hans fatta etter kvart mistanke, og gjekk til politiet med saka.
– Det var arbeidsgjevaren som tipsa politiet, stadfester Vangberg.
Etter at lensmannskontoret fekk saka torsdag, kalla dei mannen i 30-åra inn til avhøyr. Der møtte han frivillig opp, og vedkjente seg å ha gitt dei tre gutane snus, tobakk og pengar for at han skulle få ta nakenbilete av dei.
- LES MEIR:
Politiet: – Det er fleire offer
Etter avhøyret blei politiet med mannen til bustaden hans. Der gav han politiet tilgang til datautstyr og mobiltelefonar.
Mannen i 30-åra blei ikkje varetektsfengsla, fordi faren for fjerning av bevis blei rekna som liten, og han har heller ikkje fått oppnemnd forsvarar.
Etter det NRK forstår, skal bileta i stor grad vere tekne med mobiltelefon. Fotograferinga skal ikkje ha skjedd i samband med arbeidsplassen.
Politiet er no i ferd med å gjennomgå materialet, og har i løpet av veka kome over fleire moglege offer i saka.
– Det er fleire offer enn dei tre namngitte me hadde førre veke. Det har kome fram av etterforskinga, seier Vangberg.
Fleire er over 18 år
Lensmannen har ikkje eit nøyaktig tal på kor mange dei kan klassifisere som ofre i saka, og kan heller ikkje utelukke at det vil bli fleire.
– Me har byrja å jobbe opp mot dei som er involvert i saka. Det gjeld både mindreårige og personar over 18 år. Så må vi undersøkje om dei forholda som gjeld dei over 18 er straffbare, seier Vangberg.
Det kjem an på om fotograferinga har skjedd før dei fylte 18. Fotograferinga skal ha pågått i minst eitt år.
Politiet har førebels ikkje gjort fleire avhøyr av den sikta.
– Me vil ta nye avhøyr når det er føremålstenleg, seier Vangberg.