NRK Meny
Normal

Sjåføren sin anke vart avvist

Den 41 år gamle taxisjåføren som køyrde inn i ein politibil i Bergen, får ikkje saka behandla i lagmannsretten. Mannen er dømd til 75 dagar fengsel.

Taxi køyrde inn i politibil

Taxien kolliderte med ein parkert politibil på Puddefjordsbroen natt til søndag 23. mars.

Foto: Alexander Vollevik Larsen

Det var i mai at mannen vart dømd i Bergen tingrett. Natt til søndag 23. mars i fjor kolliderte han med ein parkert politibil på Puddefjordsbroen i Bergen, og ei kvinne vart livsvarig skadd og pleietrengande.

Taxisjåføren vart i tillegg dømd til å betale 100.000 kroner i erstatning til den 48 år gamle kvinna som var passasjer. Han misser òg retten til å køyre bil i to år.

Lagmannsretten avviser anken, og vil ikkje behandle saka på nytt.

Skuffa over avgjerda

Taxisjåføren er skuffa over anken, og er framleis ueinig i at han har noko skuld i ulukka.

– Min klient er jo ueinig i dommen frå tingretten. Han har bedd meg vurdere om saka kan ankast til høgsterett. Dette er noko eg må diskutere med min klient, seier forsvarar Ørnulf Samdal.

Fristen for å anke saka vidare til høgsterett er på to veker. Høgsterett behandlar saka dersom lagmannsretten har gjort feil i saksbehandlinga.

Kolliderte på Puddefjordsbroen

Sjåføren plukka opp den 48 år gammal kvinnelege passasjeren ved Fløibanen i Bergen sentrum, og køyrde vidare over Puddefjordsbroen. På toppen av brua stod ein av politiet sine cellebilar parkert. I retten forklarte sjåføren at politibilen var umogleg å sjå før det var for seint.

Retten meiner på si side at det hadde vore mogleg for sjåføren å svinge unna dersom han ikkje hadde vore uaktsam.

– Det var mellom anna på grunnlag av retten si vurdering av dette at min klient valte å anke saka, i tillegg til nokon andre punkt som har med retten si vurdering av bevis å gjere, seier Samdal.

Fristen for å anke saka vidare til høgsterett er på to veker. Høgsterett behandlar saka dersom lagmannsretten har gjort feil i saksbehandlinga.

– Gjorde alt eg kunne, men klarte det ikkje

I tingretten skildra den 41 år gamle taxisjåføren korleis han opplevde minutta før ulukka. Plasseringa av politibilen på brua vart eit av hovudstridsmåla i retten.

– Politibilen stod litt bak bakketoppen, og var svært vanskeleg å sjå. Plutseleg såg eg den rett framfor meg. Eg prøvde å svinge unna, men klarte berre å flytte treffpunktet minimalt. Eg gjorde alt eg kunne, men klarte det ikkje, forklarte sjåføren.

Politipatruljen hadde rykka ut til Puddefjordsbroen for å hindre ein person som

Befaring

På dag to av rettssaka mot taxisjåføren som køyrde inn i ein politibil på Puddefjordsbroen vart den tragiske hendinga rekonstruert.

Foto: Magnus Aamo Holte

truga med å ta sitt eige liv.

Politibilen hadde verken blålys, køyrelys eller naudblink på. Polititenestemennene forklarte i retten at dei gjorde dette for å i minst mogleg grad påverke sjølvmordskandidaten.

Trass i dette meiner retten at sjåføren burde sett politibilen, før kollisjonen var eit faktum. Retten viser til at det var 279 meter fri sikt på ei rett strekning frå busshaldeplassen på starten av brua til toppen der politibilen stod parkert. Det var heller ikkje anna trafikk på brua som kunne ha hindra sikta. Retten meiner at sjølv om politibilen stod parkert mellom to gatelykter, var det ikkje mørkt nok til at sjåføren ikkje ville sett bilen.

I dommen heiter det at taxisjåføren var «markant ubesvisst uaktsom».

Livsvarig skadd og pleietrengande

Den no 49 år gamle kvinna vart i retten skildra som ei livsglad og sprudlande tobarnsmor. I dag manglar kvinna språk og er varig pleietrengande. Ifylgje legane overlevde ho mot alle odds, men fekk omfattande hjerneskader i kollisjonen.

– I dag er ho i ein tilstand med varierande medvit. Ho er fullstendig pleietrengane, og vil aldri kunne gå eller pleie seg sjølv, sa legen i retten.

Kvinna hadde ikkje bilbeltet på seg, noko som bidrog til dei omfattande skadane ho fekk i kollisjonen.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.