NRK Meny

Sjåfør og 7 år gamal skuleelev fanga i buss etter utforkøyring

Skulebuss sklei av vegen og hamna på vippen på Voss.

Buss risikerte å velte på Voss

45 GRADER: Ein buss med sjåfør og skuleelev risikerte å tippa etter at bussen køyrde av vegen og hamna halvvegs på sida.

Foto: Arne Hofseth

Bussen med ein sjåfør og ein skuleelev stod i fare for å kvelva i ein skråning ved Vangsvatnet på Voss. Sjåføren og den sju år gamle eleven blei henta ut av sidevindauget.

– Me tok først ut skuleeleven, deretter sjåføren. Dei har det bra, men er litt prega av ei sånn hending, fortel varabrannsjef i brannvesenet på Voss, Geir Ove Pedersen.

Utforkøyringa skjedde ved Nesthus på Vikjavegen mellom Gjernes og Bulken. Politiet fekk melding om hendinga like over klokka 8.

Bussen stod i 45 graders vinkel i ein relativt bratt skråning.

– Bussen står i skråninga på endesida av vegen. Det er veldig bratt der, men bussen står mot ein stolpe og står no stabilt, fortel Pedersen.

– Torde ikkje losna setebelte

8.50 opplyste politiet at brannvesenet har henta ut dei to som sat i bussen. Arbeidet går no med til å sikra bussen, fortel lensmann på Voss, Ivar Sindre Hellene.

– Dei to heldt seg roleg i bussen til redningsmannskap kom fram til staden, fortel lensmann i Voss, Ivar Sindre Hellene.

Buss på vippen på Voss

KØYRDE AV VEGEN: Bussen hamna utfor den glatte vegen og stod lenge på vippen.

Foto: Arne Hofseth

Dei to valde å ikkje ta seg ut av køyretøyet sjølve, i fare for at bevegelsane ville få bussen til å kvelva på sida.

– Verken sjåfør eller passasjer tør ta av seg setebelte. Bussen risikerer å tippa over og velta ned i grøfta. Bussjåføren opplyser at faren for å kvelva er stor, sa vaktkommandør Torkjell Helle i 110-sentralen i Hordaland litt over klokka 8.

Laster Twitter-innhold

– Ekstremt glatt

Bergingsbil er no i ferd med å heisa opp bussen ved Vangsvatnet. Strøbil er ekvipert og på veg.

– Korleis er forholda på staden?

– Det er ekstremt glatt og faktisk vanskeleg å føta seg på to bein. Spesielt på sidevegane er det ekstremt vanskeleg forhold, fortel varabrannsjef Pedersen.

Dette er den tredje hendinga relatert til glatte vegar i fylket torsdag.

Natt til torsdag velta ein semitrailer på E16 på Vossestrand. Vogntoget sperra europavegen i mange timar.

I morgontimane køyrde ein personbil av vegen ved Kalnes på Radøy. Sjåføren blei køyrd til legevakt.

Siste video

Fleire sterke historiar i Vestlandsrevyen fredag: Dei som kom først til ulukkesstaden ved Turøy, russen som var nær ved å døy etter russebuss-ulukka og mannen som har intervjua bestefaren og vil laga film om Telavåg-tragedien. Programleiar: Jan Børge Leirvik.
I slutten av april 1942 inntok nazistene og brant ned Telavåg. Se NRKs reportasje fra 60-årsmarkeringen i 2002.
Grov trussel mot byråd i Bergen, strid om ny mobbelov og ikkje alle verksemder deler ny optimisme i næringslivet. I denne Vestlandsrevyen spør programleiar Jan Børge Leirvik óg om russen var så mykje betre før.