NRK Meny
Normal

Sjå Tall Ships Races 2014 frå lufta

Tall Ships Races byr på 70 seglskuter, 2000 sjøfolk, internasjonal matfestival og shantykor. Her kan du følgje seglskutefesten frå lufta med drone.

Her kan du følgje innfarten til Tall Ships races 2014 med drone.

TALL SHIPS RACES FRÅ LUFTA: Her kan du følgje fleire av seglskutene inn Vågen i Bergen under Tall Ships Races 2014.

I dag starta folkefesten Tall Ships Races 2014 i Bergen. Besøkande kan i heile helga gle seg over synet av 70 av verdas største seglskuter med om lag 2000 sjøfolk om bord.

Det var ein begeistra prosjektleiar for arrangementet NRK møtte ved Bergenhus festning i dag.

– Det er heilt magisk. Vêret er no ein ting, men alle skutene og folkelivet. Det er ei einaste stor glede, seier leiar Haakon Vatle.

Arrangøren som har jobba med Tall Ships races 2014 i over to år, ventar at om lag ein halv million menneske vil ta turen innom i løpet av helga.

LES OGSÅ: Tall Ships Races aukar tryggleiken - Hordaland

LES OGSÅ: Endringar i trafikken i Bergen - Hordaland

(Artikkelen held fram under bileta)

I kveld skal alle kapteinane frå seglskutane samlast til festmiddag i Håkonshallen. Kaptein på portugisiske Santa Maria Manuela, er ikkje overraskande overraska over vêret dei blei møtt av i Noreg.

– Me er overraska over vêret, det er så flott! Alle er så gjestmilde her, og i heile Noreg har me blitt tatt så god i mot.

Japansk shantykor med norske tonar

Vakre seglskuter, konsertar, skipsdåp, mannskapsparade, seglparade og fyrverkeri er berre noko av det Tall Ships Races 2014 kan by på.

LES OGSÅ: – Arrangementet er bra for Bergen - Hordaland

På programmet står også ein konsert med eit shantykor frå Yokohama i Japan.

The Sailingship Nippon Maru Fan Male Shanty Choir, som består av 20 pensjonerte sjøkapteinar, tok kontakt med festivalsjefen då han var i Japan og spurte om å få opptre.

No har koret reist på eiga rekning heilt til Bergen. Som ei overrasking til det norske publikumet har dei øvd inn ein song kjent for dei fleste (sjå videoen under).

De er definitivt de som har reist lengst for å spille på Tall Ship Race, Shantykoret fra Japan. Og med seg i bagasjen har de en overraskelse til publikum.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.