Hopp til innhold

Sjå kva elevane på Amalie Skram kan om forfattaren

Sjølv om elevane går på Amalie Skram videregående skole i Bergen, så er det ikkje sikkert dei kan så mykje om forfattaren. I dag testa rektoren elevane om kva dei kunne.

Rektor ved Amalie Skram videregående skole testar elevane i kva kunnskap dei har om Amalie Skram.

FEIRA SKRAM: Rektor Bjørn Lyngedal testa elevane ved Amalie Skram videregående skole om Amalie Skram då forfattaren vart feira med kake fredag 22. august.

– Foreløpig så trur eg ikkje elevane veit mykje om Amalie Skram, men me ser det som litt av vår oppgåve å informere om forfattaren gjennom skulegangen, seier rektor ved Amalie Skram videregående skole, Bjørn Lyngedal.

Rektoren tar seg ein tur rundt til elevane i kantina og spør:

– Kven var Amalie Skram?

– Var ikkje ho ein forfattar? Eg meiner ho var det, seier ei.

– Kva har ho skrive då, spør rektoren.

– Bøker, trur eg, svarar eleven.

Men nokon titlar på kva bøker Amalie Skram har skrive, det kan ikkje eleven komme opp med.

(Saka held fram under bilete.)

Elevar ved Amalie Skram videregående skole

KAN LITT: – Ho skreiv Hellemyrsfolket, var svaret då rektoren spurte om kva elevane kunne om Amalie Skram.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Feira Skram

Bjørn Lyngedal

FEIRA SKRAM: Det var kake å få for elevane ved Amalie Skram videregående skole fredag 22. august, for forfattaren vart føydd på denne dagen for 168 år sidan. Rektor Bjørn Lyngedal testa i den anledning elevane sine kunnskapar om forfattaren.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Amalie Skram vart føydd den 22. august 1846 i Bergen, og døydde den 15. mars 1905. Då er dagens dato ein passande dag at rektoren ved skulen som er kalla opp etter forfattaren, spør elevane ut om Skram.

Elevane fekk nemleg kake denne dagen, fordi det i dag var sjølvaste fødselsdatoen til Amalie Skram.

Amalie Skram videregående skole er den skulen den det er vanskelegast å komme inn på i Bergen, og sjølv om det er labert med kunnskap om Skram, så har heldigvis nokon litt meir peiling.

– Ho skreiv Hellemyrsfolket, seier ein då rektoren spør.

– Seint på 1800-talet, eller noko slikt, legg ein annan til.

Og rektoren innrømmer at kunnskapane kanskje er litt vel lave.

– Det er jo absolutt mangelfulle kunnskapar, heilt tydeleg, så me har verkeleg ein stor jobb å gjere, seier Lyngedal.

– Norsklærarar vil jo gremmast, for Amalie Skram er jo ein veldig viktig forfattar i Noreg, legg han til.