NRK Meny
Normal

Sjå oversikt over dei enorme øydeleggingane

Etter storflaumen på Vestlandet er det fleire kommunar som går ei vanskeleg økonomisk tid i møte. Sjå ei fullstendig oversikt over øydeleggingane her.

montasje

FLAUMSKADAR: Pinnekjøtt blir kasta ved Nortura i Evanger. Kulturhuset i Voss flaume over. Eit hus ligg i straumen i Flåm. Fem hus blei tatt av elva Opo i Odda.

Foto: NRK / montasje

Sjå oversikt over øydeleggingane nedst i saka

Store delar av infrastrukturen på Vestlandet er totalt vaska vekk etter storflaumen dei siste dagane. Mange har mista bustaden sin, og fleire er evakuerte frå heimane sine. Hardast råka av flaumen er kommunane Odda, Aurland, Voss og Lærdal.

Det er for tidleg å seie kor store kostnadene etter øydeleggingane blir, men det ser ikkje lyst ut, ifølgje ordførarane i dei fire kommunane.

– Ein allereie svekka kommuneøkonomi

John Opedal

UROA: Ordførar i Odda, John Opdal seier kommunen no er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og ber staten trå til.

Foto: Tale Hauso

Ordførar i Odda, John Opdal, seier det allereie er ein vanskeleg økonomisk situasjon i kommunen. Han legg ikkje skjul på at kommunen går ei vanskeleg tid i møte.

– Me veit jo ikkje kor store kostnadar me kan vente oss etter flaumen. Men at det blir dyrt er det inga tvil om. Per i dag har me ei målsetning for 2015 om å ta ned 15 millionar kroner på driftsbudsjettet. Det seier litt om situasjonen vår her i Odda, seier Opdal.

– Staten må trå til

Ordførar Jan Geir Solheim

BER OM HJELP: – Me er total avhengige av statleg støtte no, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Foto: Picasa

Ordførarane i både Odda, Voss, Lærdal og Aurland seier at staten er nøydde til å hjelpe kommunane økonomisk.

– Me er totalt avhengige av statleg støtte no, seier ordførar i Lærdal. Det kjem statsministeren til å få klar beskjed om når ho kjem på synfaring i helga, seier Jan Geir Solheim.

– Lovar støtte

Erna Solberg

LOVAR Å HJELPE: I helga reiser statsminister Erna Solberg til fleire av kommunane som denne veka bleir råka av flaumen på Vestlandet.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

I helga skal statsminister Erna Solberg besøke dei fire kommunane og møte personar som er råka av flaumen. Fredag lova ho hjelp til fleire kommunar på Vestlandet.

– Det vil kome støtte få staten. Både statleg, fylkeskommunal og kommunal infrastruktur er øydelagt. I helga inviterer me ordførarane for å snakke om dei største utfordringane som ventar, seier Solberg.

Laurdag reiser statsministeren til Odda. Derfrå vidare Voss og Aurland-Flåm.

Fredag ettermiddag får NRK denne oversikta over øydeleggingane etter flaumen frå ordførarane i dei fire kommunane som er hardast råka:

Odda

hjøllo bro

BRUKOLLAPS: Bygda Hjøllo i Odda blei evakuert og isolert etter at bruka kollapsa.

Foto: Eva Hansen / 03030-tipser

Voss

Bergensbanen

BERGENSBANEN: Bergensbanen blei stengd i fleire dagar på grunn av rekordflaumen.

Foto: Espen Hatlestad

Aurland-Flåm

Flåmselvi sine herjingar

STORE KREFTER: I Flåm har nettstasjonen ved kyrkja forsvunne i elva. Litt lenger nede, frå Flåm skule mot Ryo, er det havari på ein kabel og fem nettstasjonar er utan spenning.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lærdal

Flaum - Lærdal

STORE SKADAR: Øydeleggingane etter flaumen er enorme i Lærdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK


Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo