Hopp til innhold

Sjå nye Flesland i 360 grader

Om eitt år står den nye flyplassterminalen på Flesland ferdig. Bli med inn og sjå på nybygget.

Om lag 4,7 milliardar kroner er investert i nybygget som vil gjera flyplassen fire gongar så stor som i dag – og ganske mykje meir lik Oslo lufthamn Gardermoen.

– Dette er det nest største byggeprosjektet i Bergen nokosinne. Berre Haukeland er større, seier lufthamndirektør Aslak Sverdrup.

17. august 2017 opnar den nye flyterminalen, fram til då vil dagens terminal fungera aleine.

Vi har fotografert den nye terminalen i fleire bilete i 360 grader. Trykk deg rundt på den nye flyplassen i biletet øvst i saka.

10 millionar reisande

– Flyterminalen vil vera utruleg mykje større enn dagens flyplass. I dag får ein kjensla av at ein er inne i eit trongt lokale med stasjonar ein må gjennom for å rekka flyet sitt.

Til saman blir nye Flesland på 100.000 kvadratmeter, og kan ta i mot opp mot 10 millionar reisande. Fire millionar fleire enn i dag.

– Den nye terminalen vil blir vera luftig, med flott arkitektur og effektive løysingar. Me skal gjera vårt for at dette blir ein skikkeleg flott internasjonal flyplass.

Om ett år skal den nye terminalen på Bergen lufthavn Flesland være ferdig. Bli med inn og se på hvordan arbeidet ligger an.

– Ei viktig lufthamn

Sjølv om prislappen er stiv, meiner Sverdrup at det er vel investerte pengar,

– Me ligg godt innanfor budsjettet me har sett i dag. Me investerer mykje i Bergen fordi det er ei viktig lufthamn. Ikkje berre for regionen men også for Noreg.

Her er illustrasjonane på korleis det skal bli:

Nye Flesland terminal
Foto: Avinor