Hopp til innhold

Sjå alt som vert laga i symesterskapet

Åtte deltakarar samla i ein sal kjemper om å bli best med nål, tråd og symaskin. Her får du sjå bilete og oppskrifter frå serien.

Plagg laget av deltakerne i Det store symesterskapet

HØGT NIVÅ: Amatørsyarane i Det store symesterskapet på NRK1 lager flotte klær under høgt tidspress. Sjå album med plagga får kvart enkelt program under.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Mine sykunnskapar er lik null, så det er veldig inspirerande å sjå kva deltakarane får til, seier Christine Hope som er humoristisk skodespelar.

Ho er programleiar for «Det store symesterskapet», og skal saman med dommarane Tine Solheim og Andreas Feet utfordre deltakarane i serien fram mot jul.

I seks onsdagar etter kvarandre får dei til saman åtte deltakarane prøve sykunnskapane sine.

Eg går tilbake til mitt eige klesskap og tenkjer på å flytte ein knapp på eit skjørt, eller vurderer å gjere skjørtet kortare.

Christine Hope, programleiar

Kvart program byr på tre oppgåver, ei etter mønster, ei med redesign, og ei større oppgåve.

– Det er litt slik at ein spør seg om deltakarane verkeleg berre er amatørsyarar, for det er eit veldig høgt nivå, seier Christine Hope.

– Du blir inspirert, og det er litt slik at eg går tilbake til mitt eige klesskap og tenkjer på å flytte ein knapp på eit skjørt, eller å gjere skjørtet kortare, seier ho.

Les meir om programmet og deltakarane lenger nede i artikkelen.

Sjå alt som var laga episode for episode her:

Anne Lyth sin festkjole i Symesterskapet
Foto: NRK

Christine Hope med hatt laget av Walter Heidkampf i Det store symesterskapet
Foto: NRK

Herrevest av Kristin Jørgenvåg i Det store symesterskapet
Foto: Sindre Skrede / NRK
Detalj fra Walter Heidkampf si bukse i Det store symesterskapet
Foto: Sindre Skrede / NRK
  • Ingen møster frå episode 3.

Anne sin tights
Foto: NRK
Vegard sin hettegenser
Foto: NRK

Blir utfordra

Det store symesterskapet

DELTAKARANE: Åtte deltakarar, ein symeister. Bak f.v.: Walter Heidkampf, Kristin Jørgenvåg, Anne Lyth, Solveig Hopen, Julie Mydland, Maiken Skram. Framme: Vegard Øye (t.v.) og Willy Nyland.

Foto: NRK
Det store symesterskapet

Programleiar Christine Hope saman med dommarane Tine Solheim og Andreas Feet.

Foto: Tore Zakariassen / NRK
Walter syr skjørt

IMPONERTE: Walter imponerer både programleiar og dommarane med sitt skjørt i første del av symesterskapet.

Foto: NRK

Det går fort i svingane i del to av «Det store symesterskapet», og sjølv dei dyktigaste syrarane gjer feil under tidspresset. Anne går på ein ny smell når det skal lagast tights, men kanskje klarar ho å imponere likevel?

– Eg tenkte at tights var litt kjedeleg å sy, men når deltakarane valde stoffet og sette delane saman, så vart det fantastisk kule og tøffe tightsar. Den som vann kunne eg faktisk tenkt meg sjølv, seier Christine Hope.

I oppgåve to gjer deltakarane om noko maskulint til noko feminint, og som alltid i redesignoppgåva blir kreativitet lagt merke til av dommarane.

I den største oppgåva må deltakarane verkeleg imponere dommarane då dei skal lage eit ytterplagg. Fordi plagget skal sitte godt på ein modell må mange av deltakarane tenkje heilt nytt og må justere mønsteret sitt.

Hettegenser og redesign

I første del av «Det store symesterskapet» får mange av dei åtte deltakarane prøvd seg på å sy i stretch for første gong. Hettegenser skal syast etter mønster og det er mange detaljar å passe på.

I tillegg får deltakarane utfordringa om å redesigne kvar sin raude kjole om til ein feminin topp. Der scorar ein høgt viss ein er kreativ.

Til slutt får deltakarane verkeleg vise kva dei kan då dei skal lage eit statement-skjørt.

– Då modellen kom gåande med Walter sitt skjørt, så var det berre heilt «wow» og det såg heilt fantastisk ut, men på TV synst eg ikkje det kom så godt fram, seier Christine Hope.

– For meg var det eit høgdepunkt, og eg vart djupt imponert over det, seier ho.

Maiken Skram

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Maiken Skram. Rauk ut etter andre episode.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 26
Sivilstatus: Sambuar
Bustad: Oslo
Yrke: Student, master i marknadsføring/siviløkonomi

Har eit sikkert blikk for design og finn ofte fram til det blomstrete stoffet.

Taklar stress på strak arm, men ting kan tyde på at det kokar under overflata.

Vegard Øye

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Vegard Øye. Rauk ut etter tredje episode.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 23
Sivilstatus: Kjærast
Bustad: Bur på Lillehammer, og er frå Trondheim
Yrke: Student, juss

Har vore twintip-utøvar på høgt nivå og gjer framleis halsbrekkande øvingar på ski.

Sjølvlært syar som byrja med å lage skiklede til seg sjølv.

Anne Lyth

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Anne Lyth.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 32
Sivilstatus: Gift og har to barn
Bustad: Oslo
Yrke: Jobbar i Forsvaret med uniformer

Er ein ambisiøs og erfaren syar som syr klede til heile familien sin. Brukar fritida på sying, strikking og kickboksing.

Legg ambisjonsnivået skyhøgt for kvart plagg og slit tilsvarande med tidsfristen.

Kristin Jørgenvåg

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Kristin Jørgenvåg.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 47
Sivilstatus: Gift og har eit barn
Bustad: Bur på Skedsmo, og er frå Nordmøre
Yrke: Jobbar i dag på Ahus. Har tidlegare vore kunst- og handtverklærar

Starta å sy som jentunge og er sjølvlært.

Stiller krav til seg sjølv om å alltid ha på seg minst eitt sjølvlaga plagg.

Willy Nyland

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Willy Nyland.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 36
Sivilstatus: Singel
Bustad: Bur i Praha, og er frå Bodø
Yrke: Grafisk teknikar i fotobedrift

Ein teknisk dyktig hobbysyar som ofte tenkjer litt annleis enn andre.

Er sjølvlært syar og byrja å dyrke hobbyen i 2008. Då tok det heilt av, og Willy syr no alle kleda sine sjølv.

Er også tangodansar på fritida.

Walter Heidkampf

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Walter Heidkampf.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 54
Sivilstatus: Singel
Bustad: Bur i Oslo, og kjem frå Karlstad i Sverige
Yrke: Jobbar som ACMC Meta Coach og driv med informasjonsarbeid om HIV for helseutvalet.

Sjølvlært og kreativ syar som likar å jobbe raskt. Galliano er i inspirasjonskjelde.

Kåra til Mr. Gay Norway 2009, og blei nummer sju i Mr. Gay World 2010.

Solveig Hopen

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Solveig Hopen.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 44
Sivilstatus: Gift og har tre barn
Bustad: Lommedalen
Yrke: Jobbar som barnekoordinator i Lommedalen meinigheit.

Har sydd sidan ho var barn og er sjølvlært, med unntak av eit par sykurs.

Eit humørfylt petimeter som ofte hamnar i tidsnaud i symesterskapet.

Julie Mydland

Det store symesterskapet

DELTAKAR: Julie Mydland. Rauk ut etter første episode.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Alder: 31
Sivilstatus: Gift og har eit barn
Bustad: Bur i Trondheim, og er frå Kristiansand
Yrke: Arbeidssøkjar

Syr mykje, ikkje minst barneklede, og drøymer om å starte eige barneklesmerke.

Har ein enkel og raffinert stil, og meistrar syteknikkane svært godt.

SJÅ FØRSTE DEL AV PROGRAMMET HER:

Evner og følelser blir satt på prøve når åtte amatørsyere konkurrerer om å trylle fram imponerende plagg i serien Det store symesterskapet. De skal løse tre oppgaver med knallharde tidsfrister. To dommere, Tine Solheim og Andreas Feet, avgjør hvem som får bli og hvem som må reise hjem hver uke. Programleder er Christine Hope.(1:6)

Del ein av seks.