NRK Meny
Normal

Meteorologen: – Kom deg heim til jul snarast

Kom deg av garde, køyr forsiktig og ha med klede og mat i tilfelle kolonnekøyring, er rådet frå meteorologen og vegvesenet for deg som skal på juleferie. Hald deg oppdatert på trafikken her.

To dager før jul er det kolonnekjøring på rv. 7 over Hardangervidda. SLik såg det ut på Eidfjord-sida i 12.30-tida onsdag. Foto: Tale Hauso/NRK

KOLONNE: Slik såg det ut på Eidfjord-sida av riksveg 7 Hardangervidda i 12.30-tida. Bilistane ventar på førarbil for å køyre over i kolonne. Foto: Tale Hauso/NRK

  • Kolonnekøyring og mogleg stenging på fleire fjellovergangar.
  • Hurtigruten kansellerer fleire avgangar.
  • Meteorologen: Dra over fjellet jo før jo heller.

– Julehelga blir prega av vind og uvêr, så dei som skal ut og reisa bør koma seg av garde snarast råd, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Dette er status på fjellovergangane torsdag ettermiddag, ifølge Statens vegvesen:

  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Kan bli stengt på på kort varsel på grunn av uvêr, og blir uansett stengd for natta klokka 22.
  • Rv 14 Strynefjellet: Kolonnekøyring.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring.
  • Rv7 Hardangervidda: Stengt for personbilar, medan det er kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring, om lag ein time mellom kolonnane.
  • E 16 Filefjell: Open for fri ferdsel.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Stengt inntil videre.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv 53 Tyin-Årdal: Open for trafikk.
  • E 6 Dovrefjell: Snø- og isdekke, nokre stader bart i spor.
  • Fv 51 Valdresflye: Nattestengt kl. 20:00-08:00. Kan bli vinterstengt på kort varsel. Vekslande snø- og isdekke, laus snø.
  • Vinterstengt: I tillegg er mange fjellovergangar stengt for vinteren.

Få siste vêrvarsel for fjellovergangane her på Yr.no.

Venter på kolonne på vidda

VENTER: NRK trefte Arpad Kessel (til høgre), som med følge venta på å kome over Hardangervidda. Dei skal vidare til Sverige.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ver budd på kolonne

Trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen seier to fjellovergangar er ganske trygge val når vêret er så dårleg som no.

– Viss du skal reisa mellom Vest- og Austlandet, er Filefjell det absolutt sikraste alternativet både torsdag og fredag. Også Strynefjellet er eit ganske sikkert kort.

Det er vinterforhold med snø- og isdekke på alle overgangar.

– Uansett kor du skal, må du vere budd på at vêret og forholda kan endra seg både det betre og det verre. Mi erfaring er at det er mange som berre set seg i bilen, og så kjem kolonnekøyringa som ei overrasking. Folk må vere budd på kolonnekøyring, og ha med nok mat og varme klede i bilen, seier Omdal.

Men at alle fjellovergangar blir stengt samtidig, har han inga tru på.

Trailer i Måbødalen tar på kjettingar

FARLEG SITUASJON: Ein trailersjåfør står torsdag føremiddag og tar på kjettingar i svingen øvst etter Måbøtunnelen på Rv 7, rett før avkøyringa til Vøringsfossen.

Foto: Tale Hauso/NRK

Båtreise: Ikkje for born

Dårleg vêr gjer at Hurtigruten kansellerer fleire avgangar. Skipet MS Kong Harald kansellerer alle hamner Trondheim–Bergen–Trondheim frå 23. til 26. desember. MS Trollfjord skulle ha segla sørover frå Trondheim torsdag, og gått i rute nordover frå Bergen vesle julaftan. Skipet blir no liggande i Trondheim.

På hurtigbåtsambandet mellom Bergen og Nordfjord har Norled avgjort at på grunn av vêrtilhøva kan born under 12 år ikkje reisa åleine.

Det er derimot ikkje planlagd spesielle tiltak for hurtigbåtrutane i Sunnhordland.

– Vi oppmodar likevel reisande til å følgje med på nettsidene våre, då ting kan forandre seg fort, seier regionsjef for hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå.

Kommunikasjonssjef i Skyss, Ingrid Dreyer, seier det skal ein del til før heile avgangar blir kansellert.

– I så fall blir det avgjort der og då, seier Dreyer.

– Reis tidleg på fredag

Torsdag er det meldt sørvest stiv kuling utsette stader og i fjellet, ein del kraftige regn- og haglbyer, og mogleg tore. Snø over 5–700 meter, lågare i indre strok særleg utpå dagen.

– Vesle julaftan byrjar likt, men litt mindre vind. Så kjem eit nytt kraftig lågtrykk midt på dagen, aukar til sørleg sterk kuling og kanskje liten storm nord for Bergen, og meir samanhengande nedbør, seier statsmeteorolog Hassel.

– Så mitt råd er at det gjeld å vera tidleg ute for dei som skal ut og reisa. Dra torsdag eller tidleg på fredag.

Folk på togstasjonen i Bergen

MANGE FULLE TOG: På togstasjonen i Bergen såg det slik ut med julepassasjerar som ventar på fulle tog.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Fulle tog

– Det er veldig få ledige billettar no, men det dukkar opp enkelte innimellom, seier kommunikasjonsdirektør Åge-Christoffer Lundeby i NSB.

– Ein bør vere fleksibel på avreisetidspunkt, og ikkje forvente å sitte store grupper samla på toget.

Lundeby seier det kjem inn nokre avbestillingar av og til, men at det er flest bestillingar.

– Vi har sett inn alt vi har av ekstrakapasitet, men det er ekstremt mange som har bestilt billett i år, seier Lundeby.

Frode Hassel

FORBLÅST JUL: Bortsett frå ein liten pause 1. juledag, blir det ei jul med kraftig vind og uvêr, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Marit Hommedal

Forblåst julekveld

Julaftan er det meldt veldig mykje vind frå sørvest og vest, liten og kanskje full storm på kysten og i fjellet frå Bergen og nordover. Litt mindre vind lenger sør.

– Det blir ein forblåst julekveld med bygevêr og ganske låg snøgrense. Kort sagt: Levande lys bles nok ut av seg sjølv, seier Hassel.

I tillegg ligg det an til høg vasstand på julaftan, på grunn av lågt trykk, ugunstig månefase og pålandsvind. Dette gjeld mest på Sørlandet, men også oppover Vestlandet og innover mot Oslofjorden.

Ny storm 2. juledag

– Søndag morgon stilnar uvêret midlertidig, men etter ein pause drar vinden på igjen på kvelden, seier Hassel.

Andre juledag kan det bli meir alvorleg, med endå kraftigare vind, først på Vestlandet, så i Trøndelag. På Austlandet kan sterk høgdevind slå ned, noko som ofte gir skader.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.