NRK Meny
Normal

Sjå helikopterbileta av raset

Lokaltoget som køyrde inn i jordraset i Vaksdal i Hordaland i ettermiddag, står fast i jord og gjørme.

Tog på Bergensbanen har kjørt inn i et jordras ved Vaksdal i Hordaland.

VIDEO: Sjå helikopterbileta av raset i Vaksdal i Hordaland ved E39.

Politiet fekk melding like før klokka 13.30 tysdag at eit 40 meter breitt jordras hadde gått i Vaksdal.

Det store raset sperrar både Bergensbanen og E16.

Eit lokaltog med 40 personar om bord køyrde inn i jordraset, men ingen vart skadd. Passasjerane på toget som var på veg frå Bergen til Voss, er evakuert.

– Vi forstod med ein gong at me hadde køyrt inn i eit ras, seier ein av passasjerane på toget.

– Djupt skar ned landskapet

NRK sin reporter Oddgeir Øystese var oppe i helikopter for å sjå raset frå lufta.

– Det er eit stort ras som har gått frå toppen av fjellet, ca. 500 meter ned til fjorden. Det har tatt med seg jord, tre og buskar og på veg laga eit djupt skar ned i landskapet, forklarar Øystese.

Vidare har raset treft overbygget til Bergensbanen, og nærmast skvulpa ned på kvar side av toglinjene.

På Europavegen ligg det ein stor elv av gjørma og jord, som dekker den til.

Opnar tidlegast i morgon

– Geologar har undersøkt rasstaden, så opprydningarbeidet er sett i gong, seier Thor Erik Skarpen, pressevakt i Jernbaneverket til NRK.

Båt for tog

BÅT FOR TOG: NSB køyrer båt mellom Garnes og Stanghelle for toga.

Foto: Harald Sætre

Det er uvisst kor lang tid det vil ta før toga kan passere. Europaveg 16 vil vere stengt minst ut dagen i dag, og ikkje opnast før i morgon tidleg.

NSB køyrer buss på strekninga Arna-Garnes og båt mellom Garnes og Stanghelle. For bilistar er det omkøyring via fylkesveg 7 over Kvamskogen via Granvin.

Åtvara mot jordskred

Seinast i går gjekk NVE ut og åtvara mot fare for jordskred i Hordaland og Sogn og Fjordane. Faregraden vart sett til nivå 2, gult.

Raset har gått mellom Langhelletunnelen og Bogetunnelen i Vaksdal. På denne staden ligg E16 nærmare fjorden enn det Bergensbanen gjer. Lokaltoget som vart tatt var på veg mot Voss.

VIDEO: Sjå helikopterbilete frå raset.

Siste video

Annika Beinnes synger Solveigs sang i båten "Babben"