Hopp til innhold

Sjå cupfinalen i volleyball direkte

Klokka 16 møter Nyborg VBK Tromsø i cupfinalen i volleyball. – Det blir ein jamn og tøff kamp, seier Nyborg-trenar Ivar Bakken.

I ettermiddag barkar Nyborg saman med Tromsø i cupfinalen i volleyball. Nyborg rauk ut i kvartfinalen i fjor, og er no ute etter revansje.

– Eg trur det blir ein veldig jamn og tøff kamp, der det mentalt sterkaste laget vinn, seier Nyborg-trenar Ivar Bakken.

Det er venta rundt 1000 tilskodarar under finalen i Oslo i dag, og akkurat det kan bli ei utfordring, seier trenaren.

– Me får mykje større publikumstrøkk enn me er vande me. Dei fleste spelarane har det relativt roleg på tribunen når dei speler seriekampar. No skjer det i ein hall med rundt 1000 tilskodarar, og det er det ikkje alle som er vande med. Det kan påverke.

  • Sjå den direktesende kampen i videovindauga øvst i saka.