NRK Meny
Normal

Bli med inn i «Noregs mest moderne skule»

Til hausten opnar Amalie Skram videregående skole på Nygårdstangen i Bergen. Skulen er framleis midt i byggjeprosessen, men torsdag vart fylkespolitikarane invitert på omvising i bygget.

Omvisning på Amalie Skram videregående skole

VIDEO: I slutten av august opnar Amalie Skram videregående skole. Her kan du sjå korleis bygget ser ut inni. Foto/redigering: Jarl Omestad.


– Amalie Skram videregående skole blir ein moderne skule for ei moderne tid, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. Fylkesutvalet i Hordaland var torsdag på synfaring i bygget.

Størst på studiespesialiserande

Det vil bli store endringar i skuletilbodet i Bergen sentrum. Tre vidaregåande skular i Bergen blir lagt ned og overført til Amalie Skram. Det er Bjørgvin videregående skole, Bergen handelsgymnasium og Tanks videregående skole.

– Elevane seier at her vil vi søkje og her vil vi vere. Amalie Skram blir den største på studiespesialiserande i Hordaland med heile ni parallelle klassar på kvart årssteg. Vi blir så stor at vi kan tilby alle fag, også fag som breiddeidrett, dans og drama, seier rektor Bjørn Lyngedal.

– Teknologisk blir det eit sprang.

fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Totalt får Amalie Skram ca 1000 elevplassar. Desse er fordelt slik:

  • 810 elevar på Studiespesialiserande
  • 150 elevar på Service og samferdsel
  • 30 elevar på Påbygging til generell studiekompetanse
  • 15 elevar på Media og kommunikasjon

Høge forventningar

– Teknologisk blir det eit sprang. Vi ventar oss svært mykje av den nye skulen, seier fylkesordføraren.

Skulen får trådlaust nett, digitale undervisningstavler og digitale læremiddel.

– Vi skal bruke Apple-TV til å kople opp alt datautstyr i klasserommet trådlaust opp på storskjerm. Der kan vi vise alle presentasjonar, også direkte frå elevane sin pc’ar på storskjerm. Vi kan og filme undervisinga, slik at elevane kan sjå den i ettertid. Vi skal og ha utstrakt bruk av video i undervisinga, seier rektor Bjørn Lyngedal.

Stort bygg

I slutten av august opnar Amalie Skram videregående skole for dei fyrste kulla. Då skal dei vere klar for å ta imot over 12000 menneske. Skulen får eit areal på 16.000 kvadratmeter og har ein kostnadsramme på 830 millionar kroner.

Skulen får til saman 30 store klasserom på 80 kvadratmeter kvar, og like mange grupperom. Det vert fire etasjar med undervisningsareal og skulegard i tredje etasje.

Idrettshallen er dimensjonert som ein handballhall og kan delast inn i tre gymnastikksalar. I tilknyting blir det treningsstudio og eit nasjonalt symjeanlegg med tilbod om toppidrett i symjing med fem timar i veka

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017