Hopp til innhold

Sivilombodsmannen påpeikte regelbrot då kommunen tilsette brannsjefen. – Feil, svarar kommunen.

No går også den største fagforeininga ut med støtte til brannsjefen.

Brannsjef Leif Linde i Bergen

FÅR STØTTE: Tilsettinga av brannsjef Leif Linde har vore omdiskutert, men kommunen meiner framleis tilsettinga var rett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bergen kommune tilsette Leif Linde som ny brannsjef i desember 2017.

Fagforeininga til ein av dei andre søkarane, Anne-Margrete Bollmann, meinte ho var blitt forbigått, og klaga tilsettinga inn for Sivilombodsmannen. Krigsskoleutdannede offiserers landsforening meinte mellom anna at Linde ikkje oppfylte krava til brannsjefstillinga.

Torsdag kom svaret frå Sivilombodsmannen. Bergen kommune hadde ikkje følgd regelverket då dei tilsette ny brannsjef.

Det var Bergens Tidende som fyrst omtalte konklusjonen frå Sivilombodsmannen.

Meiner kommunen braut reglane

Ombodsmannen skriv at han har kome fram til at «kommunen har ansatt en brannsjef som ikke fyller kravene i dimensjoneringsforskriften uten at det er søkt om dispensasjon.»

Dimensjoneringsforskrifta (ekstern lenke) krev at ein brannsjef i ein kommune med over 50.000 innbyggjarar anten skal ha

  • eksamen frå teknisk høgskule eller annan relevant universitetes-/høgskuleeksamen, eller

  • kvalifikasjonar som brannsjef i kommune eller region med inntil 50.000 innbyggjarar, og minst 5 års erfaring som brannsjef.

Kommunen søkte aldri om ein slik dispensasjon, men kommunaldirektør Robert Rastad seier til BT at det var fordi dei meinte Linde oppfylte krava til stillinga.

Lasse Westby

RETT AVGJER: Den største fagforeininga i Bergen brannvesen meiner det var rett av kommunen å tilsette Linde. – Vi meiner i motsetning til Sivilombodsmannen at Linde fyller krava til å vere brannsjef i Bergen, seier hovudtillitsvald Lasse Westby.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Støttar Linde

Det meiner også den største fagforeininga i brannvesenet i Bergen. Lasse Westby er hovudtillitsvald for to tredjedelar av dei tilsette i Bergen brannvesen.

I eit innlegg på Facebook skriv Bergen Brannvesen Fagforening at dei meiner Linde var den best kvalifiserte.

Dei meiner Linde oppfyller krava, blant anna fordi han har vore leiar av beredskapsavdelinga i Bergen brannvesen i seks år.

«Dersom Linde ikke skulle være kvalifisert etter såkalt «lang linje», som i korthet betyr at man begynner som brannkonstabel og jobber seg oppover, vil i praksis ingen vanlige brannfolk i Norge være kvalifisert til jobben som brannsjef i Bergen,» skriv Westby.

Robert Rastad

SVARER: «Bergen kommune er av den oppfatning at Sivilombudsmannens vurdering slik den fremkommer i hans brev av 15. februar ikke kan stå uimotsagt» skriv kommunaldirektør Robert Rastad.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ikkje samd i konklusjonen

Bergen kommune har i dag sendt eit brev til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om saka. Der skriv kommunaldirektør Robert Rastad at nettopp denne lange erfaringa gjer Linde kvalifisert for stillinga.

Han viser til at det i rettleiaren til forskrifta står det at det er opp til kommunen å vurdere krav til erfaring, og at det står at «alternativ rekrutteringsvei er lang linje med erfaring».

I brevet står det at kommunen si vurdering då tilsettinga blei gjort var at Lindes erfaring som leiar av operativ avdeling i 6 år og fast stadfortredar for brannsjefen, dekker krava til «lang linje».

Bergen kommune er difor ikkje samd med Sivilombodsmannen i at dei burde søkt om dispensasjon frå forskrifta før dei tilsette Linde.

Trygg på at det ikkje blir omkamp

Brannsjef Leif Linde seier til NRK at han set pris på at fagforeininga støttar han. Han fryktar ikkje at kommunen skal måtte lyse ut stillinga på nytt.

– Eg kjenner meg trygg på at Bergen kommune har kontroll, dei har god dialog med direktoratet om saka. Det viser også brevet i dag.