NRK Meny
Normal

Sivilforsvaret kopla inn i søket etter sakna mann

Mannen i 50-åra som vart meldt sakna i Åsane i går er framleis ikkje funnen. No er også Sivilforsvaret kopla inn i søket.

Røde Kors

SØK: Om lag 40 personar er no sett inn i søket etter den sakna mannen i 50-åra.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Sivilforsvaret og Norsk Folkehjelp er også sett inn i søket laurdag formiddag, opplyser operasjonsleiar i politiet, Janne Steimler Sætre.

– Det har ikkje blitt gjort funn i løpet av natta. Me har framleis håp om å finna mannen i livet, sjølv om det no har byrja å gå tid.

Det vert framleis leita i det same området som i går, torsdag, og søket vil halda fram utover dagen med full styrke.

Ein mann i 50-åra vart fredag ettermiddag meldt sakna av familien sin etter å ha vore vekke sidan i går. Mannen bur i Åsane, og skal ha gått tur i nærleiken av Langavatnet.

– Vi har også sett inn luftambulansen i søket, sa Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til BA like etter klokka 2100 fredag kveld.

Var på fisketur

– Me fekk melding i dag klokka 1600. Det var ein mann som ikkje hadde kome heim frå fisketur i går kveld. Me byrja å søka i området kor han var sist sett, seier innsatsleiar i politiet, Pål Christensen til NRK.

Manngard

MANNGARD: Leitemannskap går manngard etter den sakna mannen i området rundt Langavatnet i Åsane.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det blir søkt både på land og i vatn.

– Me har akkurat no seks hundar i søk saman med førar. Fire av desse har me gåande rundt vatnet, og to ute i båt på vatnet der dei driv med overflatesøk, seier Christian Døving beredskapsansvarleg i Norske redningshundar i Hordaland.

Norges redningshunder

Beredskapsleiar i Norske Redningshunder Christian Døving saman med hunden Noia.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Funne fiskeutstyr

Ein har funne ein båt og ei fiskestong i vatnet så langt. Men politiet kan ikkje sei noko om dette kan knytast til den sakna mannen.

– Det er for tidleg å sei noko om kven dette høyrer til no, seier Christensen.

Det er no rundt 40 mann frå Norges Røde Kors, Norske folkehjelp, Norske Redningshunder og sivilforsvaret som deltek i søket utanom politiet.

– Han tok ein telefonsamtale i går då han var i området rundt vatnet. Dette er den siste observasjonen av han, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Stein Rune Halleraker til BT.

Kart

SIST OBSERVERT HER: Politi og brannkorps leiter no i og rundt Langavatnet i Åsane etter mannen i 50-åra som vart meldt sakna fredag ettermiddag.

Foto: NRK

Søk i vatn

Brannvesenet bidreg med dykkarar som skal gjennomføra søk etter mannen i vatnet.

Langavatnet

LANGAVATNET: I og ved Langavatnet vert det no gjort søk for å prøva å finna den sakna.

Foto: Algerøy / NRK

– Vi har ingen konkrete opplysningar som tilseier at han har hamna i vantnet. Men ettersom han sist vart observert i området rundt Langavatnet, undersøker vi også med dykkarar for å sjå om han kan ha hamna i vatnet, seier Halleraker til BT.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik