NRK Meny
Normal

No er det slutt for handelsgymnaset

Etter 110 år er det over for Bergen Handelsgymnasium. Skulen stengjer og elevane vert flytta til splitter nye Amalie Skram skole.

Etter 110 år stengjer skulen dørene for godt.

SJÅ VIDEO: Elevar og lærarar markerte i dag slutten for 110 år med Bergen Handelsgymnasium. Foto/redigering: Sigurd Hamre

Rektor Rune Dolvik

-TRIST: Det meiner lærar Ida Sjøstrand og rektor Rune Dolvik om nedlegginga av Bergen Handelsgymnasium. Elevane vert flytta til nye Amalie Skrams skole.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

I dag ljoma det med allsang frå gymsalen på Bergens Handelsgymnasium. Noverande og tidlegare elevar markerte slutten på 110-år med skuledrift i det karakteristiske bygget i Kalfarveien.

– Alt har ein ende, men vi kjenner at dette er ganske trist å legge ned ein slik velfungerande skule, seier rektori Rune Dolvik. Medan han sender elevane vidare til splitter nye Amalie Skram skule, går han sjølv over i ny rektorjobb med Sandsli vidaregåande.

– Blanda kjensler

Peter Christian Frølich

VAR SJØLV ELEV: Høgre-politikar Peter Christian Frølich var med på markeringa i dag.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Handelsgymnasiumet opna dørene i 1904, med formålet om å gje ungdom ein utdanning i næringslivsfag og økonomi. Tidlegare var skulen privat, før fylkeskommunen overtok ansvaret for drifta.

Ein av dei tidlegare elevane som i dag var møtt opp på avslutninga, var stortingspolitikar Peter Christian Frølich (Høgre).

- Det er ein dag med blanda kjensler. Det er eit stort tap for byen og eg jobba lenge for at det ikkje skulle skje. Mitt samfunnsengasjement starta her, no sit eg på Stortinget, smiler Frølich.

Elevar: – Trist

Også fleire av dei noverande elevane tykkjer det er trist at andre ikkje får oppleva skulen sitt vesle og gode miljø.

– Fasilitetane her er dårlege, men det gjer ingenting. Her har vi vore ein liten familie. Grunnen til at vi valde skulen var felleskapet.

Når elevane no byrjar på Amalie Skram skule, vil elevtalet i kvar klasse gå frå om lag 22 til 30.

Den nye vidaregåande skulen på Nygårdstangen samlar elevar frå BHG, Bjørgvin vidaregåande og Tanks vidaregåande. Talet på elevar blir 990.

Sjå video frå siste dag på Bergen Handelsgymnasium øvst i saka!

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo