NRK Meny
Normal

Sissel med juleturné i soul-innpakning

Sissel Kyrkjebø legg igjen ut på juleturné, og i år er det litt meir groovy stil.

Sissel Kyrkjebø om årets juleturné.

PÅ TURNE: Sissel Kyrkjebø legg i år ut på turné med gospel- og soulpreg.

Sissel Kyrkjebø står bak Noreg si mestseljande plate nokon sinne, med plata «Glade jul» frå 1987.

– Det er veldig lenge sidan den kom ut, og det er mykje som har skjedd etter det, så det er merkeleg å tenkje på at det er slik, seier Sissel Kyrkjebø.

Ho var 18 år då plata kom, og jula betyr mykje for artisten, 27 år etter.

Groover i årets turné

Sissel Kyrkjebø

GROOVY JULETURNE: No ventar juleturné og nye karrieresteg for Sissel Kyrkjebø.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Sissel Kyrkjebø elskar jula, og ho hadde òg juleturné med Odd Nordstoga i 2009.

Etter tre års pause var Sissel i fjor på turné igjen. Då hadde ho med seg tre gospel- og soulsangarar frå New York.

– Det blei ein utruleg fin setting, og fekk eg utruleg lyst til å gjenta det, seier Sissel Kyrkjebø.

Dei tre er med på årets turné, og Sissel Kyrkjebø seier det har vore spanande å øve inn julesongar med dei.

– Ein kjenner at ein får både gåsehud og ståpels, samtidig som håret reiser seg når dei byrjar å synge. Det groover litt, og det tykkjer eg er veldig bra, seier ho.

Tradisjonelt – på svensk

Samtidig som dei norske julesongane blir framført i eit meir globalt perspektiv, så er det tradisjonelle viktig for Sissel.

– For meg er julekonsertane dei tradisjonelle, dei høgtidelege, vakre, norske julesongane. Det ingen jul utan det tradisjonelle, så det må vere ein stor dose norske julesongar, seier ho.

Årets turné består først av seks konsertar i Noreg, og så skal Sissel òg innom Sverige. Dei spelar konsertar åtte stader i nabolandet, og språket er ingen hindring.

– Nokon gonger slår eg kanskje over i eit vers på svensk, men det at eg syng ein typisk norsk julesong, det tykkjer svenskane er veldig koseleg.

Kunne aldri vore med i Idol

Karriera hennar byrja i barnekor, og steig gradvis derifrå. Sjølv om Sissel vart kjent i ung alder seier ho sjølv at ho aldri kunne vore med i Idol og liknande talentkonkurransar ein har i dag.

Eg deltok jo i ein del talentkonkurransar på kjøpesenteret Oasen i Bergen i min ungdom, og det var jo i ein litt anna målestokk. Viss folk har ein draum om å bli sett og høyrt så er dette bra, men det er alltid ei bakside.

Gode folk som veit kva dei driv med er noko Sissel Kyrkjebø seier ho ikkje kunne vore forutan. Ho forklarar at desse folka såg henne for den ho var, og forstod kva ho ville.

– Det var sanggleda som dreiv meg heile tida. Det var ikkje fordi eg skulle bli kjent. Sjølvsagt hadde eg ein draum om å stå på ein stor scene ein gong, men det var det å kunne syngje saman med andre musikarar og med orkester som dreiv meg.

SJÅ SISSEL SYNGJE I NRK HORDALAND SI MORGONSENDING:

Sissel Kyrkjebø synger i NRK Hordalands morgensending

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo