Hopp til innhold

Plutseleg er Sindre i verdstoppen

Han har rykka opp 345 plassar på verdsrankinga. – Det har gått ekstremt fort, seier skøytefantomet Sindre Henriksen frå Fana i Bergen.

Sindre Henriksen under NM skøyter enkeltdistanser 2016

TALENT: Sindre Henriksen under NM i skøyter på Hamar i helga. Her tok han sin første individuelle medalje.

Foto: FANA IL

På eit år har han klatra 345 plassar på adelskalenderen, ein kalender som rangerar utøvarane basert på personlege rekordar på ulike distansar.

– Det er vel ingen som har tatt så store steg på det nivået, så det er litt kult, seier Sindre Henriksen.

I helga tok han sin første medalje under NM på skøyter. Det blei bronse på tida 1.49,58, bak Sverre Lunde Pedersen og Håvard Lorentzen.

– Det er gøy å ta sin første medalje i enkeltdistanse Det har gått ekstremt fort. Det har gått over både mine og andre sine forventningar.

Hadde trua

Henriksen hadde eit håp om å nå opp i NM-helga.

– 1500 har vore den distansen eg har kome lengst opp på i år. No har eg ein medalje frå allround tidlegare, og eg visste at eg hadde gode moglegheit på 1500 denne gongen.

– Korleis var det å stå på pallen med Bøkko og Lunde Pedersen?

– Det er ei ny verd, men det er jo det me har jobba for.

– Eg har vore ein slitar

Henriksen seier god og hard trening over fleire år har gitt resultat, men at han har gitt litt ekstra i det siste.

– Eg har kanskje vore litt meir ekstrem enn vanleg. Eg har hatt 100 prosent fokus kvar dag, så det er kjekt når hardt arbeid gir resultat.

Kor mykje har miljøet med Håvard og Sverre i Fana betydd for deg?

– Me har hatt eit god miljø heile vegen, som har lagt grunnlaget for god treningskultur. Dei to har vore dei store talenta heile vegen, medan eg har vore ein slitar som først har kome meg opp i år.

– Dette viser at det er mogleg å jobba seg opp seinare, om ein er innstilt på det. Alle har ikkje lik utviklingskurve.

– Ikkje overraskande

Sverre Lunde Pedersen synest ikkje det er rart at Henriksen har hatt slik framgang.

– Han har tatt store steg no, så det var ikkje overraskande at han tok medalje i NM.

Lunde Pedersen seier potensialet alltid har vore der.

– Han har trent bra over fleire år, men først no har han verkeleg fått det ut på isen. Han har trent med oss i heile sommar og verkeleg stått på.

Og Henriksen har ikkje planar om å stoppa her.

– Dette gjev sjølvtillit, og med denne utviklinga har eg tru på det kan bli veldig bra dei neste åra, seier Henriksen.

Sverre Lunde Pedersen

NUMMER EIN: Sverre Lunde Pedersen blei helgas store vinnar, og tok gull på både 1500 og 5000 meter.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix