Hopp til innhold

Sindre (10) skulle sy fire sting – måtte reise i fire timar

Trass i at familien bur like ved Odda sjukehus, ble dei sendt 130 kilometer til Haugesund for å få hjelp då 10-åringen krasja på sykkel. – Ein vits, seier mora.

Sindre Kvamme

TRYNTE PÅ SYKKEL: Då Sindre (10) kom heim med eit kutt i haka etter å ha køyrd gale på sykkel, forstod mora fort at det måtte sying til. – Då vi kom inn på legevakta vart vi snart send vidare til Haugesund. Det er to timar kvar veg, fortel Elisabeth Kvamme.

Foto: Privat

– Det er hårreisande, spesielt med tanke på at vi bur så nære eit sjukehus, seier Elisabeth Kvamme.

Laurdag kom den ti år gamle sonen hennar, Sindre, heim frå ein sykkeltur med blod på haka. Familien bur like ved legevakta i Odda, og reiste dit for å få såret undersøkt.

– Legen såg fort at kuttet i haka måtte syast, men det kunne dei ikkje gjere der, fortel Kvamme.

I staden for å bli send til Odda sjukehus, som ligg i same bygg som legevakta, blei 10-åringen sendt til sjukehuset i Haugesund – 130 kilometer unna.

– Eg blei paff og synest det var merkeleg, for så alvorleg var ikkje skaden, seier Kvamme.

Frå Odda til Haugesund for å sy

– Ein vits

To timar seinare, rundt klokka 18 laurdag kveld, var familien framme ved sjukehuset i Haugesund. Der måtte dei vente i fire timar før dei slapp til, ifølge Kvamme.

– Etter å ha fått sydd haka reiste vi heim igjen. Vi var tilbake i Odda halv to på natta. Det er tragisk å ha brukt så mykje tid på ein så liten ting, seier ho.

– Det er ein vits at vi ikkje skal kunne få hjelp her i Odda, seier Kvamme.

Sindre Kvamme med sår i haka

FIRE STING: Sindre Kvamme (10) måtte sy fire sting i haka på sjukehuset i Haugesund. – Kutt i ansikt er ofte ei ekstra komplisert sak, fordi det er desto viktigare med eit finare resultat, seier ansvarleg lege ved legevakta i Odda, Tora Alvsåker, på generelt grunnlag.

Foto: Privat

– Syr mykje og ofte

Sjølv om legevakta i Odda er stasjonert på Odda sjukehus, er det kommunen som er ansvarleg for legevakttenesta.

NRK har vore i kontakt med Helse Fonna, som administrerer drifta av Odda sjukehus. Dei stadfestar at legane på sjukehuset ikkje blei kontakta av legevakta. Dei var heller ikkje involvert i å sende 10-åringen direkte til Haugesund.

Elisabeth Kvamme

RYSTA: Mor til 10 år gamle Sindre, Elisabeth Kvamme, er sjokkert over at dei måtte bruke totalt fire timar på å reise til og frå Haugesund, for å få sydd fire sting i haka til sonen.

Foto: Privat

Leiar for legetenesta i Odda kommune, Marit Dagestad, hevdar dei ikkje kan kommentere saka fordi det ikkje føreligg ei klage frå familien.

På generelt grunnlag meiner ho at beredskapen på legevakta er god.

– På legevakta syr dei, men ulike skadar må sjølvsagt vurderast ulikt. Viss ein får inn pasientar med skadar som ein bør ha meir fagleg hjelp til, sender ein dei vidare til spesialhelsetenesta, seier Dagestad.

– Det kan til dømes vere større kutt i ansikt, djupe kutt i hender eller mistanke om seneskadar. Men vi syr mykje og ofte på legevakta, seier medisinsk ansvarleg lege ved legevakta i Odda, Tora Alvsåker.

– Pleier gå via Odda sjukehus

Alvåsaker fortel at det ofte vert gjort særskilde vurderingar når det er barn som kjem inn med skadar.

– Vi syr barn også, men vi tek ofte ei ekstra vurdering for at dei ikkje skal få ei dramatisk oppleving.

Er det vanleg å sende pasientar direkte vidare til Haugesund, utan å gå via Odda sjukehus først?

– Ein pleier å gå via Odda sjukehus først, og tek ei felles vurdering om det er aktuelt å sende pasienten vidare til Haugesund, seier Dagestad.

Alvsåker understrekar at det er viktig for legane at foreldra er einige i slike avgjerder.

– Vi prøver å imøtekoma foreldra sine ønskjer, men må handle ut i frå medisinske vurderingar.

Det synest Kvamme er «ei flåsete forklaring».

– Som mor kan eg ikkje seie at eg ikkje har lyst å gjere det som må til for å få sydd sonen min. Eg var oppteken av at dette måtte fiksast, seier mora.

Marit Hammersland Dagestad

– GOD BEREDSKAP: Tenesteleiar for legevakta i Odda kommune, Marit Dagestad, fortel at det er éin lege i beredskap på legevakta frå klokka 15 til 08 i kvardagane, og heile døgeret i helg og høgtider. – Vi sender aldri pasientar vidare for å lette på arbeidet på legevakta. Det skjer alltid i samråd med spesialhelsetenesta.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK